onsdag 16. april 2008

Skulefrukost

Så var den siste økta i pedagogikk komen, og me samla oss i ei lita koseleg skulestove som er flytta til campus på HSH, Stord. Me åt frukost i lag, og alle hadde med sitt bidrag til frukosten. Det var veldig koseleg. I tillegg til prat og sosialt fekk me litt info om den kommande sluttevalueringa i pedagogikk. Mykje å gjere om dagen, men eg ska nok komma i mål.

Etter at frukosten var rydda av bordet gjekk me til lille auditoriet og såg dei samansatte tekstane me laga tidligare i vinter. Det var gøy å sjå korleis dei andre hadde løyst oppgåva. Me fekk sjå mange ulike presentasjonar av fleire ulike bøker. Dei fleste hadde tatt gode gamle tradisjonelle bøker, men Maria og eg var ikkje aleine om å bruka fersk nyskreven barnelitteratur. Det er jo veldig bra å sjå at begge deler kan brukast, no i desse tider som barnelitteraturen er eit veldiskutert tema. Det å laga ein samansatt tekst av ei eldre barnebok er jo bare eit godt døme på korleis dei eldre bøkene kan brukast på ein aktuell måte den dag i dag! :)

Alt i alt ein koseleg dag!! :)

1 kommentar:

Ida H. sa...

Heilt enig i at dette var ein koseleg frukost og at det var spennande å sjå alle måtane den samansatte teksten blei gjort. Og at ei gammal bok kan framstillast på ein ny måte, slik som dykkar bok er veldig bra. Slik kan ein nå ut til dagens elevar i det moderne samfunnet me lev i.