lørdag 29. mars 2008

Yrkesetisk seminar

Dei siste tre dagane har handla om yrkesetikk. Me starta onsdagen med litt undervising. Me snakka medan anna om teieplikta. Noko som er utruleg viktig. Det er farleg å sjå kor lett informasjon kan handla i feil hender om man ”berre fortel til ein.” Eg tykkjer dette med teieplikta er vanskeleg. Kor mykje har ein eigentleg lov å fortelja? Kven kan ein spørja om råd? Har eg i det heile tatt lov å fortelje noko morosamt ein elev har sagt til nokon andre, om eg ikkje seier noko namn? Vanskeleg, men likevel utruleg viktig å halde. Eit døme på det er historia som Tormod fortalde om legen som hadde helst på ein tidlegare pasient og dermed mista jobben.

Etter dette delte me oss inn i grupper. Det var eigentleg veldig bra å ikkje jobba i dei vanlege gruppene, sjølv om me fungerer godt i praksisgruppa vår. Ved å jobbe med andre folk får ein høyre andres tankar og andres perspektiv på ting. Det fyrste me jobba med var utarbeiding av våre 10 yrkesetiske bod for lærarar.
Her er dei, men på bokmål. Me har skreve forklaring på kvifor me har tatt med akkurat det bodet under kvart bod.

10 YRKESETISKE BUD FOR LÆRAR.

1: Skape trygghet.
Trygghet er en grunnpilar i barnas hverdag. Uten at elevene føler trygghet på skolen vil det ikke være utvikling på noe plan, f.eks. faglig, sosialt eller emosjonelt.

2: Se alle elevene og behandle dem likeverdig.
Barns behov, evner og vilje må bli respektert og tilrettelagt for. Gjennom denne tilretteleggingen skal de oppnå anerkjennelse. Alle barn skal ha lik rett til å bli behandlet ulikt, alt etter hva som er deres behov og forutsetning for mestring og utvikling.

3: Til en hver tid være oppdatert og tro mot gjeldende lovgivning og fagplaner.
Dette er de viktigste styringsdokumentene en lærer har med å gjøre, det er en lærers arbeidsinstruks og ”bibel”. Ved å gå inn i læreryrket har en godtatt disse, og pliktes derfor til å følge dem. F.eks. taushetsplikt, opplysningsplikt, fritaksrett, samt gjeldende fagplaner for hvert enkelt fag.

4: Legge frem faglig innhold med innlevelse og engasjement, på en måte som skaper mest mulig interesse og motivasjon blant elevene.
Som lærer har vi fagplaner og kompetansemål elevene skal oppnå gjennom sin skolegang. Da er det vår plikt som lærere å legge opp undervisningen på en slik måte at elevene blir interessert og motivert for å lære.

5: Være ydmyk, lyttende og åpen for samarbeid ovenfor kollegaer.
Som lærer jobber en i team, og samarbeid er en avgjørende faktor for å få dette til å fungere på best mulig måte.

6: Skape god kommunikasjon mellom skole og hjem.
God kommunikasjon er grunnleggende for et godt samarbeid mellom skole og hjem. Gjennom samarbeidet skal begge parters interesser komme frem, og ivaretas på en tilfredsstillende måte, det er da helt grunnleggende at lærer viser seg frem som et stabilt ledd i dette samarbeidet, da vi er i et stadig mer utfordrende samfunn.

7: Ivareta hvert enkelt barns faglige interesse og fremgang.
Alle barn har rett på tilpassede og optimale utfordringer og gjennom disse oppleve mestring og utvikling. Ellers se punkt 2.

8: Være et godt forbilde.
Vi som voksenpersoner som daglig er i kontakt med elever og barn, må til en hver tid være obs på at det vi gjør og sier blir lagt merke til. Lærere er i en stilling med masse makt, og har stor påvirkning på elvene. Det må til en hver tid være samsvar mellom ord og handling.

9: Være en god ambassadør for skolen.
En lærer er skolens ansikt utad, på den måten må læreren representere skolen på best mulig måte. Viktig at det er god kommunikasjon mellom skolen og samfunnet, og derfor må skolen gjøre sitt beste for å opprettholde den.

10: Være deltakende i skolens felles målsetning.
Jobbe med skolens ledelse og andre kollegaer, og ikke mot dem. Være med å dra lasset i rett retning. F.eks. ved å overholde skolens reglement i din klasse, ikke kjøre sitt eget løp, og jobbe i tråd med skolens felles ideologiske plattform.

Arbeidet med å utarbeida måla var spennande, men enda meir spennande var det i dag då me gjekk gjennom boda på framføringa, og høyrde kva dei andre gruppene hadde skreve. Stort sett tenkte me mykje likt alle saman, sjølv om me vinkla det litt ulikt. Bra at Tormod har tatt initiativet til å sette saman boda til alle gruppene. Blir spennande å høyre kva gruppene som framførte for Tormod har kome fram til og.

Elles er det case det har handla om desse dagane. Kan læraren Liv gå med miniskjørt på foreldresamtale med den muslimske familien? Kva med den hysteriske mora på lærarrommet, eller læraren som ikkje veit kor mykje ho bør involvera seg i foreldras problem med Linda? Skal Jørgen ta med Lars på leirskule, eller skal han måtte bli igjen heime fordi dei andre foreldra ynskjer det?

Det har vore spennande arbeid. Me har vridd hovuda i tankar omkring konsekvensar og plikter. Eit miniskjørt er kanskje ikkje rette plagget i møte med ein muslimsk familie? Her vil eg legge til at om eg, sjølv om eg er norsk, nok kanskje også ville reagert på ein lærar som gikk med veldig kort miniskjørt og utringa bluse på elevsamtale. Om hu då ikkje har eksem på knea ...

Dette med miniskjørt på skulen blei det ein del samtale om på gruppa, me var enige om at me ikkje heilt såg problemet i situasjonen. Eit kort miniskjørt kan umuleg vere eit utmerka plagg på ein skule, så mykje som ein må bøye seg og vere i bevegelse i løpet av ein arbeidsdag. Gjennom arbeidet med alle casene var me stort sett enige på gruppa. Me hadde ein del forskjellige tankar, men dei utfylte kvarandre mykje meir enn dei krasja med kvarandre. 

Gjennom å jobbe på denne måten får ein brukt teorien me les på ein meir praktisk måte. For min del blir det meir relevant og lettare og lære. Konkretisering!
No veit eg mykje meir om konsekvensetikk og pliktetikk enn kva eg gjorde onsdag morgon denne veka. Neste gong eg kjem i ein vanskeleg situasjon, eller møter på ein ny case, blir det nok meir automatisk å tenkje over kva som er konsekvens og kva som er plikt, samt kven problemet angår. Som lærar vil eg møte på mange forskjellige situasjonar og treffe på mange ulike menneske, derfor er temadagar som dette noko som kjem veldig godt med i utdanninga.



Kort sagt er pliktetikk når ein tenkjer på kva ein har som plikt å gjere, mens konsekvensetikk handlar om å tenkje på konsekvensen av det ein gjer. Eit døme er trafikkjøring. Plikten som trafikant er å halde fartsgrensa, men dersom ein har eit sjukt barn i bilen som treng å koma til sjukehuset raskt blir det konsekvensen av å kjøra for fort som bestem. I dette dømet blir konsekvensen at barnets liv kan bli redda om ein kjem fort nok fram. 

Det var spennande då me på gruppa snakka om kva som var plikten og kva som kunne bli konsekvensane i dei ulike casene. Å tenkje så konkret over det lærte eg masse av. 

Før framføringa på fredagen såg eg for meg at me sku stå foran heile klassen å framføre våre løysningar på problema, så måten me skulle gjere det på blei ein positiv overraskelse. "Rundebordskonferansen" var ein bra måte å framføra på. Det var lettare å koma med sine meiningar, og det fjerna litt av nervøsiteten og prestasjonsangsten. Det var og veldig spennande å høyra på kva dei andre grupppene hadde kome fram til, spesielt interessant var dette på området med dei ulike yrkesetiske buda. Korleis ulike grupper hadde vektlagt ulike ting. Det var også spennande å høyre historiar frå verkelegheita som folk hadde opplevd. Det er så utruleg mången situasjonar ein kan møte på ute i skulen, og slike dagar som dette er med på å utruste ein til å takla slike situasjonar. 

I møtet med elevar er det noko som heiter teieplikt og noko som heiter meldeplikt. Teieplikta handlar om at me ikkje skal gje opplysningar om elevar og deira situasjon som kan føra til at andre folk forstår kven dei er. Derfor er det best å halde alle opplysningar for seg sjølv, for ein kan aldri vita kven som kjenner til ein elev frå før. Teieplikta gjeld også innad i kollegiet, med at andre lærarar ikkje skal få vita informasjon om elevar som dei ikkje har behov for å vite i forbindelse med jobben. Derfor er det bra at lærarar i dag jobbar i team, slik at fleire lærarar kjenner til same klassen. Det å stå heilt aleine med ein sak må vere utruleg vanskeleg, og det å ha nokon å snakke med er viktig. 

Meldeplikta handlar om forhold som treng å bli meld i frå om. Eit døme kan vere om ein mistenkjer at ein elev vart mishandla heime, men også situasjonar der ein treng særskild tilpassa undervising og oppfølgjing frå medan anna PPT er ting som skal meldast i frå om. 

Både teieplikt og meldeplikt er så alvorlege pliktar at ein kan få fengselsstraff for å bryta dei. I hensyn til dette, men endå viktigare med hensyn til menneskeliva me har ansvar for, er det viktig at me som kommande lærarar blir bevisst plikta vår allerede i utdanninga. 
Revidert veke 17.

fredag 28. mars 2008

Praksisperiode 3

Så har me vore ute i praksis igjen, tre veker på same skule og i same klasse som i haust. Det var koseleg å sjå ungane igjen, same viltre, masete og utfordrande gjengen. Likevel ein herlig gjeng, som det var trist og sei ha det til siste dagen. Det er spennande å sjå på ein skuleklasse, 22 vidt forskjellige ungar. Kvar og ein heilt unik på sitt område; korleis dei lære best, kva dei er mest interessert i og kva som engasjerer dei. Ei utfordring å tilpassa undervisninga og legga den opp på best muleg måte. Me har vore veldig heldige med praksislæraren vår, som har gitt god vegleding og gode råd undervegs.

I praksisperioden har me vore gjennom ulike tema. I KRL jobba me med etikk og moral. Elevane fekk i oppgåve å skriva tre fine ting om seg sjølv, og tre fine ting om ein annan i klassen. Dei fleste blei glade for det som dei andre skreiv om dei, men å skrive noko fint om seg sjølv, det var ei utfordring. Spesielt for jente. ”Eg kan jo ikkje skryte av meg sjølv” var det fleire som sa. Me snakka litt om forskjellen på å vite kva ein sjølv er flink til og det å skryte for mykje av seg sjølv, så etter det gjekk det betre ned skrivinga til jentene og. Viktig ting å jobbe med, for det kan være med å auke elevens sjølvbilete. I tillegg lærte eg dei ein song som eg sjølv lærte på barneskulen: Du har noe ingen andre har, ingen er som deg. Du kan mye har litt av vært å lære meg. Glad for at jeg møtte deg. Jeg er glad for at du lever. Å synge med klassen var spennande. Gutane song med av full hals, medan dei fleste av jentene nesten ikkje opna munnen. Ein av gutane kom med ein artig uttaling: ”Kan me ikkje synga høgt alle sammen? Det blir jo møkje kjekkare då.” Litt meir songgleda blei det likevel då me delte klassen i to, og song i kanon. Elles jobba dei med dei 10 bod, kva som er rett og galt, og kvifor det ikkje er lurt å byrja å røyka.

I norsk handla det om rettskriving. Me brukte bilete, plakatar og andre ting for å konkretisera dei ulike lydane for elevane. Kj – lyd, sj – lyd (dette var ein lyd som blei brukt mykje gjennom heile praksisperioden), j – lyden og andre lydar.

I matematikk fekk me i oppdrag og laga kurs i ulike tema for dei elevane som sleit mest. Eg laga addisjonskurs. Dette var for meg ei stor utfordring, i og med at eg ikkje er den sterkaste i matematikk sjølv. Eg hadde ikkje noko problem med å skjønna problema deira. Eg brukte skjema til å sette under kvarandre oppgåvene i, og pengar til å konkretisere. Eg trur det gjekk bra. Elevane gjorde det fint på testen på slutten av kurset i alle fall.

I kunst og handverk og naturfag var det animasjon det gjekk i. Det var vårt innslag av IKT i praksisperioden. Tema var verdsrommet, og elevane skreiv manus, teikna skisser og laga figurar med lego, plastalina, piperensarar og papp. I tillegg laga dei kulisser. Så var det i gong med bileta. Dei tok masse bilete til historiene sine frå rommet. Historiene handla om alt frå planetar og aliens til Lene Alexandra som hadde mista maskaraen sin på Mars. Mykje romrakettar blei det. Det å ta nok bilete av kvar handling var ikkje alltid lika lett, sjølv om me hadde snakka om det ein del gonger. Likevel vart det ei god byrjing på ein del fine animasjonsfilmar då elevane lasta bileta inn i Stop Motion Pro. Det blei nokre datatekniske problema, og ei gruppa som mista bileta sine. Dei kom heller ikkje så langt som me i utgangspunktet hadde tenkt, men det var ikkje noko problem for kunst og handverklæraren å fullføre prosjektet i eit par timar etter påske. Håpar me får sjå filmane deira ein gong, for det hadde vært gøy å sett dei endelege resultata.

I løpet av praksisen har eg hatt mange utfordringar som klasseleiar. Klassen Maria og eg var i, var jo som sagt ei utfordring, men det at me har fått prøvd oss skikkeleg i praksisperioden er jo ikkje noko negativt. Etter ein del råd og vegleding frå praksislærar om å vere meir tydelege, og ikkje vere redde for å gje beskjed til elevane gjekk det betre og betre gjennom perioden. Mykje av grunnen til dette er nok også at eg blei tryggare på kva eg skulle gjere, sjølv om eg framleis har langt igjen å gå i rolla som klasseleiar.

Alt i alt var dette nokon flotte veker i praksis. Me avslutta perioden med påskelunsj med klassen me blei så veldig glad i. Siste dagen fekk med beskjed av elevane å gå ut av klasserommet i fem minutt. Då me kom inn att hadde dei teikna eit stort hjerte på tavla der det stod Maria og Marianne. I tillegg hadde dei laga ein stor diplom til verdens beste studentar som heile klassen hadde skreve under på. Det vart nesten rørande! Diplomet pregar no veggen min heime! Det vart ei fin avslutning på ein flott praksis. Eg gler meg allereie til me skal i praksis igjen til hausten.