mandag 28. april 2008

Refleksjonsnotat

Så var det på tide med refleksjon over året som har gått i pedagogikkfaget. Dette året har gått utruleg fort, men når eg ser tilbake på alt me har vært i gjennom skjønnar eg at eit heilt år er gått. Første året på lærarskulen, så no er me på god veg. 

Pedagogikkfaget har vore eit spennande fag, og eg har lært utruleg mykje. Det har blitt mykje nytt fagstoff å fordøye, men her har blogginga vore til veldig god hjelp. Gjennom refleksjonane i bloggskrivinga har fagstoffet blitt meir mitt enn om eg berre skulle ha lest og vore på førelesningar. Kritisk ven har vore bra det og, sjølv om eg trur det kunne vore til mykje betre hjelp om folk tok rolla si som kritisk ven meir på alvor (då snakkar eg like mykje til meg sjølv og). Må sei Birgit har gjort ein kjempejobb med å kommentera bloggane våre undervegs, men og spesielt no til sluttføringa. Eg håpar me kan fortsette med blogging til neste år, for sjølv om det kan være mykje jobb er læringsutbyttet veldig stort.

Ein anna ting eg må sei om pedagogikkfaget er at det har vore mykje meir variert enn eg trudde det kom til å bli. Til dømes øktene med IKT og barn og nye media var noko som kom som ei veldig overrasking for meg. Eg hadde trudd pedagogikken kom til å bli mykje tørre førelesningar, med påfølgjande lesing i svære, tunge, grå pedagogikkbøker. Desse forventningane var nok gitt meg på førehand av vener av meg som går på andre høgskular, men slik blei det jo ikkje i det heile tatt på HSH. Førelesningane har vore spennande, og lenkjene til fordjuping har og vore spennande. Dei utvalde pensumbøkene er og veldig bra, oversiktelege og gode å lese i.

Første oppgåva me hadde var at praksisgruppa skulle finne seg eit pedagogisk grunnsyn. Me jobba godt med oppgåva, men det me kom fram til var nok litt sprikande har eg sett no i ettertid etter meir undervising, praksis, tilbakemeldingar og lesing av pensum. Derfor har eg brukt ein del tid på å jobbe meir med dette i ettertid, og no trur eg at eg byrjar å nærme meg noko som liknar eit grunnsyn. Likevel trur eg ikkje dette er noko som kjem til å vere heilt klart før eg har fått meir praksis og erfaringar med korleis det fungerer ute i skulen. Då me jobba med oppgåva i praksisgruppa snakka me mykje om Skinner og om å gje det positive oppmerksemd, men då me kom ut i praksis merka me fort at dette ikkje alltid var like lett å gjennomføre. Slike erfaringar vil det nok koma fleire av, men likevel meiner eg det er viktig å jobbe med å utvikle seg eit godt pedagogisk grunnsyn frå starten av. Då får erfaringane noko å slå rot i.

Mi rolle som lærar er i den gryande begynnarfase, sjølv om eg no er halvvegs i utdanninga mi sia eg har eit år med musikk frå før. Eg følar dette året har vore med på leggje grunnlaget for utdanninga vidare og for lærarrolla eg skal ut i ein dag. Årsaka til dette er at me har vore litt inne på eit fleire ulike tema i pedagogikken som alle er viktige for utdanninga vidare. No ser eg fram til meir fordjuping vidare i studiet. Praksis har og vore til utruleg god hjelp i utviklinga av lærarrolla mi. Som eg har nemnt tidlegare i bloggen fekk Maria og eg verkeleg prøvd oss då me var ute i praksis. Dette er eg så glad for, for det gav meg mykje god erfaring medan anna i å vere ein tydeleg vaksen. Praksisklassen vår var jo ein herlig gjeng, sjølv om dei var aktive. Det å få diplom for å vere verdens beste student var jo og noko som varma langt ned i hjarterota. J

Sjølv om eg har eit godt stykke igjen å gå før eg klar til å gå ut i rolla som lærar på heiltid og ikkje berre i praksis, føler eg at eg har fått med meg mykje god kompetanse gjennom året. Her vil eg nemne spesielt praksisperiodane og arbeidet med desse i ettertid, men og alle dei gode konkrete førelesningane me har hatt i pedagogikk med påfølgjande blogging. Skriving av oppgåver har og vore spennande, spesielt då me jobba med casen om Mons. Bra å jobba med noko som er så konkret. Nokre veldig bra dagar var og dagane med det yrkesetiske seminaret, det lærte eg mykje av i forhold til det etiske ansvaret me får som lærarar.

Alt i alt har dette vore eit veldig bra år med pedagogikk, og er godt fornøgd med alt me har vore gjennom. Har verkeleg lært mykje.

Ivar Aasen målet har og fått seg ei god trening i løpet av året med blogging, men her er nok og vegen lang å gå til målet om den perfekte nynorsken!

onsdag 16. april 2008

Skulefrukost

Så var den siste økta i pedagogikk komen, og me samla oss i ei lita koseleg skulestove som er flytta til campus på HSH, Stord. Me åt frukost i lag, og alle hadde med sitt bidrag til frukosten. Det var veldig koseleg. I tillegg til prat og sosialt fekk me litt info om den kommande sluttevalueringa i pedagogikk. Mykje å gjere om dagen, men eg ska nok komma i mål.

Etter at frukosten var rydda av bordet gjekk me til lille auditoriet og såg dei samansatte tekstane me laga tidligare i vinter. Det var gøy å sjå korleis dei andre hadde løyst oppgåva. Me fekk sjå mange ulike presentasjonar av fleire ulike bøker. Dei fleste hadde tatt gode gamle tradisjonelle bøker, men Maria og eg var ikkje aleine om å bruka fersk nyskreven barnelitteratur. Det er jo veldig bra å sjå at begge deler kan brukast, no i desse tider som barnelitteraturen er eit veldiskutert tema. Det å laga ein samansatt tekst av ei eldre barnebok er jo bare eit godt døme på korleis dei eldre bøkene kan brukast på ein aktuell måte den dag i dag! :)

Alt i alt ein koseleg dag!! :)

Vegleiing og vurdering

Når eg tenkjer tilbake til tida på ungdomsskolen er det mykje karakterar som dukkar opp i minnet. Sjølv om det var langt ifrå heile skulekvardagen hadde dei mykje å seie. Me prata mykje om karakterane me fekk. Om dei urettferdige karakterane, om prøva det gjekk så mykje betre enn forventa på, og om korleis nokon av ”gullungane” fekk seksar utansett kva dei gjorde. (Trudde me, sannheita er nok at dei var veldig flinke.)

Men vegleiing og vurdering handlar om så mykje meir enn karakterar, dette snakka me mykje om på denne økta. Ei spennande økt om eit utfordrande tema.

Så kva er eigentleg vegleiing?
Boka i veiledningens landskap har denne definisjonen; dialogisk virksomhet som foregår i en sosial, kulturell og historisk sammenheng.

Me gjekk gjennom desse fire viktige punkta for kva god pedagogisk vegleiing er:
1: Å vere utforskande saman med den som vert vegleda.
2: Å stille dei gode spørsmåla.
3: Å gje råd.
4: Å korrigera.

Alle desse punkta er utruleg viktige. Det fekk me og vere med å sjå då vi var ute i praksis. Om eg sjølv var interessert og utforskande i temaet me gjennomgjekk var det så mykje lettare å få elevane med seg. Dette med god vegleiing er jo veldig viktig for elevane sin motivasjon og, at dei opplever at det dei gjer blir sett av læraren på ein god måte.

Dette med dei gode spørsmåla er noko som det handlar mykje om, både ute i praksis og i undervisinga i dei ulike faga på høgskulen. Det gode spørsmålet som ikkje legg svaret i munnen på eleven, men som gjer tilstrekkeleg med informasjon til at eleven klarer å tenkje seg fram til løysninga. Her kommer det også inn det med å gje gode råd, og å korrigera.

Vegleiing er vanskeleg. Det er så lett å sitte på førelesning på HSH og tenkje at dette skal gå fint, men ute i praksis er det straks meir vanskeleg. Eit døme er jo om ein skal vegleie ein elev som sitt fast med ei matematikkoppgåve. Kva om eleven sitt like fast sjølv om ein har brukt alle sine gode spørsmål? Det kan vere freistande å berre sei svaret, og tenkje at eleven då klarar den neste oppgåva om same tema sjølv. Som med så mykje anna trur eg spesielt dette med gode spørsmål er ein treningssak. Noko som kjem meir og meir av seg sjølv etter som tida går og me får fleire erfaringar.

Så var det vurderinga, og her kjem karakterane inn i bilete, men som sagt er vurdering mykje meir enn karakterar. Lyngsnes og Rismark (2007) legg frem tre årsakar til at elevar blir vurdert i den norske skulen i dag.
  • Vurderinga gir informasjon om den kompetansen eleven har oppnådd når opplæringa er gjennomført. Informasjon som gis til elev selv og foreldre, til andre skular som t.d. ved opptak til vidaregåande skule og høgskular og til arbeidslivet. Denne formen for vurdering kalles for summativ vurdering, og skjer stort sett gjennom karakterar.
  • Elevar blir vurdert for at opplæringsinstitusjonen ikkje skal operere i eit vakuum. Informasjonen frå den enkelte skule blir brukt for å samanlikne med resultata på andre skular på landsbasis. Eit døme er dei nasjonale prøvane.
  • Vurdering blir gitt for å støtte elevens læring, dette fordi dei treng å få vite korleis dei ligg an i forhold til det dei skal lære, og få støtte til korleis dei kan nå måla. Dette er undervegsvurdering, eller formativ vurdering. Vurdering er ein integrert del av den totale læringsprosessen.

Det finnes mange gode hjelpemidler for god vurdering. Nokre døme er målark, elevlogg, mappe og kartleggjingsprøvar. Sistnevnte møtte me på i praksisperioden vår i haust. Elevane hadde kartleggjingsrpøvar i matematikk. Då me kom tilbake i vår hadde dei delt dei to klassane inn i grupper der dei fekk jobbe på sitt nivå med dei ulike fagområda. Dei elevane som sleit mest fekk vere med på eit kurs om akkurat det området dei sleit med som gjekk over tre skuletimar. Sjølv hadde eg eit kurs om addisjon. Det var ni elevar på kurset, noko som var eit veldig bra antall å jobbe med. Klarte å halde oversikten over kva den enkelte elev jobba med. Siden praksislæraren og var med, var det god tid til å hjelpe elevane. Til slutt på kurset hadde me ein liten test, og resultata var stort sett positive. Kan jo sitere ein av gutane som: "oi, detta va kje verst te å verr meg." Eit døme på ein god måte å jobba tilpassa på, og ein grei måte å vurdera elevane på etter endt kurs.

Gjennom vurderinga er det viktig å fokusere på det eleven meistrar, og ikkje på det eleven ikkje meistrar. Noko som irriterar meg for tida er medias fokus på kor dårleg norske elevar gjer det på dei nasjonale prøvane i forhold til resten av Europa. For ikkje lenge siden leste eg eit lesarinnlegg skrive av nokre gutar i tiande klasse. Eg fann ikkje igjen avisa, men husker noko av det dei skreiv. "Er me verkeleg så dårlege på skulen som media og regjering skal ha det til? Å til stadighet få høyre at det ein gjer aldri er godt nok, er noko som ikkje er særleg motiverande for oss elevar." Sjølv om det er greit å få informasjon om tilstanden til den norske skulen er greit, men samtidig støttar eg gutane i lesarinnlegget. Hugsar tilbake på ungdomsskulen, då me alltid vart samanlikna med parallellklassen vår. Dei hadde alltid gjort det mykje betre enn oss i snitt på prøvane, og det enda med at me sa om oss sjølv at me berre var dårlege, at det ikkje kunne gjerast noko med det. Tilbakemeldingar som bare handlar om kva ein ikkje kan motiverar ikkje. Då er det betre å gje informasjon om kvar elev står, og så gå saman med eleven og hjelpe han eller ho til å nå det neste målet. Ein av dei tinga eg tenkjer på her er korleis ein gir karakterar. Eg trur det er kjempeviktig å leggje til ein konstruktiv og positivt lada kommentar om kva eleven kan gjere betre neste gong, slik at ikkje den uventa trearen står aleine og lysar med raud penn! Motivasjon og veiledning virkar tett saman.

Apropo raud penn. Då eg gjekk på tekning, form og farge lærte eg at fargen grønn symboliserar håp og omsorg/morskjærlighet. Kanskje eit godt alternativ til den raude pennen?

Det å gå saman med elevane er viktig, at elevane får vere ein del av vurderingane. At elevane ser mål dei skal oppnå, og blir motivert til å nå dei. Ein slik type vurdering kan gis gjennom samtalar og dialogar med elevane. Nokon gonger ein og ein, i grupper eller til og med i samla klassar. Trekantsamtalar mellom lærar, elev og foreldre er og viktig, for eit godt samarbeid mellom skule og heim er viktig for elevens læringsutbytte. Ein annan måte er å ha ei skrivebok der elevane svarar på nokre spørsmål i slutten av ein periode, og læraren skriv tilbake til dei. Å skape eit godt forhold mellom lærar og elev er avgjørande for elevens læringsutbytte.

Eg lærte ein gong ein huskeregel for oppskrifta på ei tilbakemelding som sitt positivt igjen hos mottakaraen. Tar med denne til slutt:
1/4 positivt.
1/4 positivt til.
1/4 negativ/forbetringspotensiale.
1/4 positivt til slutt.

onsdag 2. april 2008

Tilpassa opplæring

I økta gjekk me gjennom ulike begrep om opplæring.
Den likeverdige opplæringa: Dette betyr ikkje at alle born skal behandlast likt i skulen. Nokon elevar krev meir enn andre for å lære. Ein kan nesten sei at det blir ei urettferdig behandling på ein rettferdig måte. Born er veldig opptatt med dette om rettferd. ”Det er urettferdig at han får gjere det” kan vere eit typisk utsegn. Det som er viktig i ein klasse der ein elev får ei anna behandling er at klassen for ein forklaring. Ein treng ikkje gje ei djup forklaring på kvifor, men kanskje vil borna, om dei bare får hjelp til å tenke seg litt om, sjølv forstå kvifor situasjonen er som den er.
Tilpassa opplæring: Skuleeigar, opplæringsstadens leiing og personale er plikta til å gje ei god og forsvarleg opplæring ut i frå den enkeltes evner og føresetnadar. Denne plikta er noko alle lærarar har, men som det ikkje finns noko fasitsvar på korleis skal gjerast. Den tilpassa opplæringa handlar om tilpassing i klasserommet for kvar einskild elev, og ikkje om spesialundervisning. Det var den tilpassa opplæringa som var hovudmålet for denne pedagogikktimen, derfor vil eg gå meir innpå det seinare i innlegget.
Inkluderande opplæring: Inneber at alle elevar skal få ta del i fellesskapet på ein likeverdig måte, dette gjeld i det faglege, sosiale og kulturelle. Det at alle elevane er med i fellesskapet er utruleg viktig. Det at dei følar at dei høyrer til sosialt på skulen er kjempeviktig i høve til det faglege utbyttet deira. Om ein elev følar seg utanfor fellesskapet vil det svekke følinga av tryggleik på skulen, og elevens sjølvkjensle vil bli svekka. To viktige faktorar for at ein elev skal lære. Viktig å jobbe for eit godt fellesskap i klassen og på skulen, og å jobbe imot mobbing.
Ein anna ting dette omhandlar er lærarens evne til å få alle elevane med i undervisninga. Dette merka eg då eg var ute i praksis at var ei utfordring. Nokon elevar kan sjå ut som dei er ein heilt annen plass psykisk, men så har dei fått med seg alt, mens andre kan sjå ut som dei er heilt med i undervisninga, men eigentleg er langt av sted i tankeverda. I praksis var det ei jente som satt å teikna på boka si medan eg underviste. Eg var litt i tvil om hu fekk med seg det som skjedde. Ein annan gut i klassen fortalde om noko som hadde skjedd han ein gong, jenta viste ikkje teikn til å følgje med. Då elevane skulle jobbe med oppgåver på eiga hand trengte jenta hjelp. Oppgåva handla om noko av det guten hadde snakka om, så eg spurde ho om ho huska kva han hadde sagt. Jenta kunne gjenfortelje heile gutens historie. For meg blei det ein liten tankevekkar. Dette handlar jo om tilpassa opplæring. Kanskje denne jenta faktisk konsentrerar seg meir om ho får teikne litt i timane?
Spesialundervisning: Elevar som av ulike årsaker ikkje får noko utbytte av den ordinære undervisninga har lovfesta rett på spesialundervisning, eit anna for spesialundervisning som blir mykje brukt i dag er særskild tilpassa undervisning.

Alt i alt handlar vel eigentleg alle disse undervisningsformene om tilpassa opplæring, men i ulik grad. Opplæring tilpassa den særskilde elev.

Frå 1592 til 1670 levde ein mann som het Johann Amos Comenius. Han var ein forløpar for den moderne pedagogikken, og blei kalla ”ei fyrlykt i ei mørk tid.” Til dømes har han sagt: Skolen i seg selv bør være et vennlig sted. Ute skal det ikke bare være en plass til å løpe og leke, .... men også en hage, hvor man iblant kan sende elevene for at de skal kunne glede seg over synet av trær, blomster og gress. Comenius jobba aktivt for å bruke naturen som eit læringsmiddel, tillegg framheva han også bruken av leik i læringsprosessen. I dag er dette med bruken av ulike læringsmiddel på veg inn i skulen, gjennom til dømes MI – teoriane. Denne teorien går ut på at elevane skal finne sin intelligens. Mange intelligensar i klasserommet. Dette er noko som absolutt handlar om tilpassa opplæring. At elevane skal få finne sin intelligens å jobbe ut i frå. Dei ulike intelligensane er: Språklig/lingvistisk intelligens, logisk/matematisk intelligens, romlig/visuell intelligens, kroppslig/kinestetisk intelligens, musikalsk intelligens, interpersonell intelligens, intrapersonell intelligens og naturalistisk intelligens.



Praksisskulen eg var på, var ein MI skule. Det var plakatar i alle klassar om dei ulike intelligensane. Alle klassane hadde også ein stor og god stol i klasserommet der elevane fekk sitte etter tur, og dei andre elevane sa fine ting om eleven i stolen. Me fekk ikkje sett denne i bruk i praksisperioden, men læraren hadde positive erfaringar med den. Elles såg me ikkje så mykje bruk av MI – teorien i vår praksisperiode, men det har nok mykje med animasjonsprosjektet me gjennomførte å gjere. (Sjå innlegg om praksisperiode 3.) Skulen har mykje grupperom, eit stort bibliotek og satsar på bruk av IKT. Mange føresetnadar for gjennomføring av tilpassa opplæring.



Den tilpassa opplæringa handlar og om mål. At elevane får realistiske mål å jobba mot. LK06 er skrevet med eit generelt språk, som derfor legg opp til at kvar særskild skule skal lage lokale læreplanar med mål elevane skal oppnå. På praksisskulen stod det mål for kvar veke på elevanes lekseplanar. ”Etter denne veka skal du vite meir om ...” Etter nokre veker hadde dei ein tverrfagleg målprøve, der dei fekk vise kva dei hadde lært. Målprøvane var tilpassa elevane. Dei kunne blant annet velje mellom røde og gule oppgåver i matematikk, alt etter kva dei sjølv hadde jobba med i perioden. Eg syns dette er ein god måte å sjekke om elevane har lært på. Resultatet av målprøva kan også brukast til å sjå om nokon elevar treng endå meir tilpassing, om resultatet for nokon var særskild lavt.

Til slutt i undervisningsøkta om tilpassa opplæring gjekk me i grupper og fann døme på korleis ein kan leggja opp tilrettelagt undervisning for ein klasse. Gruppa vår jobba med eit matematikkopplegg som me hadde vært med på i praksis. Elevane hadde hatt kartleggingsprøvar i matematikk seint på hausten. Der fekk læraren eit godt overblikk over kass elevar som sleit med kass emne i matematikk, eller kven som gjorde det bra. Ut i frå desse resultata blei alle elevane på sjette trinn delt i tre gruppe. Dei som hadde gjort det best jobba på gult nivå, dei i mellom på rødt, mens dei elevane som sleit ekstra med nokon emne var på kurs. I løpet av perioden gjennomførte me fire kurs; tallforståing, addisjon, subtraksjon og multiplikasjon. For elevar som me merka var på feil gruppe var det fullt ut muleg å skifte nivågruppe. På den måten blei dei pedagogisk differensiering, og ikkje organisatorisk differensiering.

Tilpassa opplæring er eit viktig mål å jobba mot. Eg merker sjølv at eg får litt panikk med tanke på å ha den heile og store oversikten over nivå, føresetnadar og evner hjå den enkelte elev i ein klasse på 25 elevar når eg sjølv blir lærar ein dag. Likevel er det nok med det, som med alt anna, at det blir lettare og lettare etter kvart. Sjølv om fasiten ikkje finnes, finnes det andre gode hjelpemiddel og rettleiing på vegen, slik at eg som lærer kan sørgje for tilpassa opplæring for den enkelte elev.

Ein anna ting me var inne på i denne økta var ettergivenhet. Korleis lærarar "gir opp" elevane sine. Dei sørgjer for ro slik at dei som vil arbeide kan få gjere det, men om ingen jobbar bryr dei seg ikkje. Dei underviser i enkelt fagstoff, så dei slepp tanken på differensiering og tilpassing for den enkelte elev. Dei bryr seg ikkje om eleven ikkje lærer noko. Lyngsnes og Rismark skriv i boka si Didaktisk arbeid om måloppnåing i forbindelse med den didaktiske relasjonsmodellen: "I læringssammenhengen blir det derfor lite hensiktsmessig å snakke om at læreren når sitt mål med undervisingen "jeg kom gjennom kapittel 4 i dag". Interessen og oppmerksomheten må heller rettes mot hva elevene har lært etter at læreren har undervist. Skal målene være meningsfylte, må det alltid være elevens læring det settes mål for." Her seier dei tydeleg at elevens læringsutbytte skal vere i fokus når læraren tenkjer gjennom måloppnåing i forbindelse med ei læringsøkt, noko som eg støttar heilt og fult. Det er jo derfor ein lærar undervisar elevar. Eg tykkjer dette med ettergivenhet er eit skremmande fenomen. Ein lærar som har komen så långt, nesten møtt veggen i sin arbeidssituasjon treng hjelp. Eg håpar dette er noko som det blir tatt tak i og jobba med av styringsmaktene nasjonalt og lokalt. Ein lærar må kjenne at ho har team og skoleleiing i ryggen, og ikkje at ho må møte ein umotivert klasse aleine. Gode råd og støtte frå kollegaer og anna fagleg personal er avgjerande i ein slik situasjon. Vegleiing og oppfølging frå arbeidsgjevar undervegs bør føra til at ein slik klasse og undervisingssituasjon blir gjort noko med lenge før det har gått så langt. Som lærar må det vere ei utfordring å halde oversikten over korleis undervisninga si når fram, men det er utruleg viktig for læringsutbyttet til elevane. Her trur eg jevnleg loggføring og refleksjon er eit godt hjelpemiddel. 
Revidert veke 17.