fredag 31. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Eg hugsar godt min første skuledag. Eg hadde fått meg ny ransel, knall rosa. Eg var så stolt, og så klar til å endeleg byrja på skulen. Morgonen virka som heile evigheta, men endeleg kunne me kjøra. Eg, mor mi og far min. Me møtte opp på skuleplassen. På trappa utanfor administrasjonsbygningen stod rektor og dei lærarane me kunne få. Så kom eg i klassen til Liv Marit, 1A. Eg hugsar ho hadde på seg ein blårutete kjole og ho smilte mykje, så mykje at eg skjønte at ho var snill. Ho hadde også med seg ei stor korg, oppi den korga hadde ho eit bur med to dansemus. Eg trur eigentleg ho var lit redd dei sjølv, men visa dei rundt og fortalte ein historie om dei. Det var moro. 

Åra gjekk og me gjorde mykje i lag med Liv Marit. Kvar jul og sommar var det skodespel for foreldra våre, og me hadde festar av ulike slag. Besteforeldrefest, trollfest, sjørøvarfest, karneval og mykje meir. Me reiste og på tur til Espevær. Der bade me, grilla og såg på UFO ringen. Liv Marit arrangerte mykje gøy for oss. Ho var verkeleg ein snill lærar.

Det eg likevel hugsar best med Liv Marit er den tryggleiken ho gav meg på skulen. Frå fyrste til fjerde klassen hadde eg ingen fag som eg ikkje likte eller følte at eg ikkje meistra. Til og med matematikk og verstingen gymnastikk var moro då. Klassemiljøet vårt var også veldig bra på skulen. Me lekte mykje saman, og i timane tok Liv Marit seg tid til at me kunne fortelje kva som hadde skjedd i både friminutt, ettermiddagar og i helgar.
Som eg har skreve tidlegare i bloggen inspirerte ho meg skikkeleg til å bli lærar sjølv. Eg laga stensilar og drøymde om å ha min eigen klasse. Liv Marit har nok mykje av æra for at eg har byrja på lærarskulen no.

Så var det dagen då Liv Marit fortalde oss at ho skulle begynne på vidareutdanning i spesial pedagogikk. Alle vart så lei seg då ho ikkje kunne væra klasseforstandaren vår lenger. Mykje endra seg og då på skulen. Kanskje var det fordi me vart eldre, blei betre kjende med oss sjølve, nye ting som opptok oss osv. Likevel trur eg nok at Liv Marit betydde mykje for oss som klasse og som einskilde elevar. Eg er i vert fall overbevist om at læraren me fekk etterpå ikkje hadde noko enkel jobb. Ho fekk høyre mykje: ”men slik gjorde aldri Liv Marit.”

Er det ein lærar eg vil prøva å bli som er det absolutt ho Liv Marit!

Liv Marit og eg i den iskalde sjøen på klasseturen til Espevær.
Revidert veke 17.

onsdag 29. august 2007

Samarbeid og kommunikasjon

Som lærar er det avgjørande å kunne kommuisera med elevane. Utan kommunikasjon med elevane vil ein aldri kunne klara å læra dei noko. Eg trur det blir ei utfordring å læra seg å bli god på kommunikasjon. Årsakane til det er fleire.
- Ein skal klara å kommunisera til alle elevane. Ein må bli så godt kjent med elevane at ein vett korleis kvar og ein av dei kan læra stoffet på best mulig måte. Eigentleg skulle ein hatt 23 undervisningsopplegg for ein klasse med 23 elevar, men det ville kanskje blitt ei uoverkommeleg oppgave. Dermed må ein kanskje finna det opplegget som best muleg famnar flest muleg av dei. I tillegg trur eg at mykje variasjon kan gjere at ein når inn til endå fleire, i og med at for mykje rutine kan bli kjedelig. Då meinar eg faglege rutinar og ikkje gode rutinar i skulekvardagen som bidrar til elevens tryggleik.
- Ein god kommunikator er ein trygg kommunikator. Ein som vett kva budskap han eller ho skal formidle, og korleis ein skal formidla det. For å virka trygg er det viktig at ein kan beherske sitt eiga kroppspråk, vita kor ein skal plassera hendene, og ikkje bruka "æææ" og "mmm" lydar i setningane. Lett å seie, men vanskeligare i praksis. Det ligg mykje trening bak god kommunikasjon.
- God kommunikasjon handlar like mykje om mottakaren som om sendaren. Kva slags "bagasje" mottakaren har med seg påvirkar korleis budskapet blir tatt imot. Her er det viktig for læraren å kjenna elevane sine godt. Kva foregår i elevens liv utanom skulen. Ein god dialog med både elev og foresatte er viktig, men sjølsagt utfordrande i ein stor klasse.
For å verkelig få prøva oss på kroppspråk hadde me mimelek i undervisninga denne dagen. Me fekk oppgåver i grupper, der gruppa saman skulle mime og resten av klassen gjette kva me gjorde. Gruppa mi fekk oppgåva: "beruset bartender". Klassen fann ut kva me var, så kroppspråket vårt sa vel sitt. Litt skummelt var det å stå slik foran klassen, men godt å ha ei gruppe å gjere det samen med. Meir øving i å stå foran folk blir det nok mykje av utover året. Godt er det, for det er jo ein sentral del av lærarlivet.

Å kunne vere ein del av eit team er også viktig. Samfunnet i dag blir meir og meir basert på teamarbeid, og at elevane får trening på detta området frå dei byrjar på skulen er bra. Som det blei sagt i undervisinga er det viktig med konsekvens. Elevane må lera seg kva som er bra og kva som ikkje er bra. Kanskje er det lurt med samtalar med elevane når noko negativt har skjedd. Ikkje bare sei at: "slik skal det ikkje gjerast." Ein kan spør eleven eller elevane om kva dei sjølv meiner gjekk galt i samarbeidet, og kanskje har dei løysinga sjølv også. Det dei kjem fram til sjølve vil dei hugsa bedre, som me all anna læring.

Til undervisinga vart det lagt ut nokre lenkjer til fordypning. Ei av desse handla om kroppsspråk og var spennande lesning. Det er nesten litt skremmande å tenkje på korleis ein både bevisst og ubevisst sender ut signaler med kroppen. Kroppsspråket vårt kan enten understreke eller motvirke det ein seier med ord. Artikkelen om kroppsspråk var skriven av Karen Zimsen. Ho skriv at ho tror ikkje nokon kan lere seg å kontrollere kroppsspråket sitt 100%, sjølv om nokon klarer å kontrollere det ekstremt godt. Ho brukar dømet på politikarar i ein debatt på TV. Dei ser veldig kontrollerte ut, men ser ein nærare på dei er det kanskje ein raud flekk i panna eller ein liten muskel i munnviken som dirrar litt. 

Nokon folk er og utruleg gode på å lese andres kroppsspråk. Eg har møtt på lærarar som har sett på oss elevar om noko var vanskeleg, uten å spørje. Det å bli sett på ein slik måte trur eg kan bety mykje, spesielt om ein er inne i ein vanskeleg periode. Det visar at ein er interessert i personen. 

Det blir sagt at ungar er utruleg gode til å lese kroppsspråk. Kanskje er det noko som har samanheng med at dei ikkje forstår alle orda som blir sagt når dei er små, og derfor lerar seg å tolke det som blir sagt utifrå andre ting enn berre orda? Dette er sjølvsagt ikkje noko eg kan seie sikkert, men det er kanskje ei mogleg forklaring. Viktig er deti hvert fall at me som lærarar tenkjer over kroppsspråket vårt i møtet med elevar. Elevane må se at me er ærlige, og at me ikkje seier ein ting og meiner noko anna. Det vil svekke forholdet mellom lærar og elev. 

Det var og lagt ut ein test der eg fekk teste kor god eg var til å lese smil, om dei var ekte eller falske. Ei stor utfordring. Eg visste frå før at der det viser best er på augene, likevel fekk eg berre 16 av 20 rette. Ingen enkel sak det der, men det er nok ein treningssak det og. 



Falskt på den eine sida, og ekte på den andre.
Ikkje alltid like lett å sjå forskjellen ... 






Som lærarar må ein og prøve å tolke elevanes kroppsspråk. Nokon elevar har eit veldig tydeleg kroppsspråk. Når dei ligg så langt nede på stolen at hovudet så vidt visar over kanten på pulten er det eit tydeleg teikn på kjedsomhet. Likevel kan det vere elevar som er vanskeligere å tolke. Dei som sitt stille og ikkje vil seie noko, er det berre sjenert eller har dei det tøft og vanskeleg?

Dette temaet blir nok ei utfordring når eg skal ut i læraryrket, men både det å lese kroppsspråk hos andre og å bli betre bevisst sitt eige er heldigvis noko ein kan trene på. 

Ei anna lenkje handla om grupper, og om korleis folk går inn i ulike roller når dei er i saman med andre folk. Dette var også utruleg spennande lesning, og noko som er relevant både i forhold til studiesituasjonen i samla klasse og i praksisgrupper, men også ute i skulen med korleis elevane går inn i ulike roller i klassen og vennegjengen. Å tenkje over korleis dette fungerer i ein klasse, og kunne ta tak i dei elevrollene som kanskje ikkje er så positive for miljøet tror eg er utruleg viktig som lærar. 

Det er også bra å tenkje over si rolle i situasjonar der eg sjølv skal fungere i lag med andre mennesker, t.d. i praksisgruppa. I denne undervisingsøkta laga me kjøyrereglar for praksisgruppa. Det gjekk bra. Me var enige om kva me meinte var viktig for gruppa. T.d. at alle tar ansvar for det me skal gjennomføre, ingen "gratis"passasjerar, ikkje baktale kvarandre på gruppa og å ha ei positiv innstilling. 
Revidert veke 17.

torsdag 23. august 2007

Kvifor eg vil bli lærar, og kvifor eg valde HSH

Kvifor eg vil bli lærar!
Då eg var 10 år og gjekk i tredjeklassen laga eg stensilar som eg ville bruka når eg sjølv vart lærar ein dag. Eg hugsar framleis stensilen om bokstaven R, der eg teikna eg stor rev. Så draumen om læraryrke har alltid vore ein del av meg. Mykje av grunnen til det er læraren min på barneskulen. Eg kjem til å skrive eit eige blogginnlegg om henne seinare.
Då eg gjekk i åttande klassen hadde eg arbeidsveke i ein tredjeklasse. Etter det kunne eg ikkje venta med å byrja på lerarskulen.
Men så blei eg eldre, og tenkte kanskje at eg skulle gjera noko "meir spesielt." Tenkte mykje fram og tebake og vurderte alt muleg, men ikkje noko virka spanande nok. Midt opp i all undringa på kva eg skulle bli, tok eg ei årseining i musikk ved HSH. Hadde eit veldig spanade år, og likte meg spesielt godt i praksisperioden i barneskulen. Likevel blei det to år te med tenking, men til slutt fann eg ut at det aller beste eg veit er å få jobba med barn og ungdom, og difor starta eg no på lærarskulen.
Trur ikkje eg kjeme til å angra ein dag på valget mitt når eg er ferdig, for eigentleg var det nok lærar eg ville bli heile vegen!
Satsar på å ta ein master i IKT, musikk eller drama. Kanskje jobba i den vidaregåande skulen ein dag?

Kvifor eg valde HSH!
Eg har budd 2 år i Oslo, men fann ut at eg sakna Haugesund, byen familien min og venene mine. I tillegg fekk eg eit jobbtilbod som eg ikkje kunne motstå!! :)

Eg har fleire gonger tenkt på stensilane eg lagde, og kor artig det hadde vore og sett på dei i dag, men dei er nok forsvunne med tida. Eg har eit lite håp blant eske på eske med gamle nedstøva ting på loftet til mamma og pappa. Kanskje dukkar dei opp ein dag? :)
Revidert veke 17.

onsdag 22. august 2007

Pedagogikk - nytt fagområde

Mandag morgon hadde me vår fyrste forelesning med Aashild. Den handla om pedagogikken som eit nytt fagområde.
Sjølv om eg hadde litt didaktikk då eg tok årseining i musikk ved HSH gjekk nok den på långt nær så i djubden som me kjem til å gjere på allmennlerar. Mykje nytt blir det nok derfor.
Forelsinga var bra. Greit å få ting heilt grunnleggande. Me var innom ulike område som skulen sitt mandat, kven som har ansvar for kva, litt om L06 og det nye kunnskapsløftet, kompetanse, pedagogens ulike roller og korleis ein kan bli ein god lerar. Eg trur pedagogikk kjem til å bli et spanade fag, men og eit fag som krev ein god del lesing og jobbing om ein skal klara å følgja med rundt svingane. Eg får gjere mit beste, for eg vil jo bli ein god pedagog. Det var jo derfor eg byrja på denne utdanninga!

mandag 20. august 2007

Pedagogisk blogging

Etter ei veka på allmennlerar ved høgskulen på Stord har me no fått eit oppdrag å laga ein blogg. Her skal me skriva litt kvar veke om undervisninga i pedagogikk. Eg skal gjere et tappert forsøk å bruka Ivar Aasen målform, så får me sjå korleis det vil gå. Øving gjer meister ... :)