fredag 28. mars 2008

Praksisperiode 3

Så har me vore ute i praksis igjen, tre veker på same skule og i same klasse som i haust. Det var koseleg å sjå ungane igjen, same viltre, masete og utfordrande gjengen. Likevel ein herlig gjeng, som det var trist og sei ha det til siste dagen. Det er spennande å sjå på ein skuleklasse, 22 vidt forskjellige ungar. Kvar og ein heilt unik på sitt område; korleis dei lære best, kva dei er mest interessert i og kva som engasjerer dei. Ei utfordring å tilpassa undervisninga og legga den opp på best muleg måte. Me har vore veldig heldige med praksislæraren vår, som har gitt god vegleding og gode råd undervegs.

I praksisperioden har me vore gjennom ulike tema. I KRL jobba me med etikk og moral. Elevane fekk i oppgåve å skriva tre fine ting om seg sjølv, og tre fine ting om ein annan i klassen. Dei fleste blei glade for det som dei andre skreiv om dei, men å skrive noko fint om seg sjølv, det var ei utfordring. Spesielt for jente. ”Eg kan jo ikkje skryte av meg sjølv” var det fleire som sa. Me snakka litt om forskjellen på å vite kva ein sjølv er flink til og det å skryte for mykje av seg sjølv, så etter det gjekk det betre ned skrivinga til jentene og. Viktig ting å jobbe med, for det kan være med å auke elevens sjølvbilete. I tillegg lærte eg dei ein song som eg sjølv lærte på barneskulen: Du har noe ingen andre har, ingen er som deg. Du kan mye har litt av vært å lære meg. Glad for at jeg møtte deg. Jeg er glad for at du lever. Å synge med klassen var spennande. Gutane song med av full hals, medan dei fleste av jentene nesten ikkje opna munnen. Ein av gutane kom med ein artig uttaling: ”Kan me ikkje synga høgt alle sammen? Det blir jo møkje kjekkare då.” Litt meir songgleda blei det likevel då me delte klassen i to, og song i kanon. Elles jobba dei med dei 10 bod, kva som er rett og galt, og kvifor det ikkje er lurt å byrja å røyka.

I norsk handla det om rettskriving. Me brukte bilete, plakatar og andre ting for å konkretisera dei ulike lydane for elevane. Kj – lyd, sj – lyd (dette var ein lyd som blei brukt mykje gjennom heile praksisperioden), j – lyden og andre lydar.

I matematikk fekk me i oppdrag og laga kurs i ulike tema for dei elevane som sleit mest. Eg laga addisjonskurs. Dette var for meg ei stor utfordring, i og med at eg ikkje er den sterkaste i matematikk sjølv. Eg hadde ikkje noko problem med å skjønna problema deira. Eg brukte skjema til å sette under kvarandre oppgåvene i, og pengar til å konkretisere. Eg trur det gjekk bra. Elevane gjorde det fint på testen på slutten av kurset i alle fall.

I kunst og handverk og naturfag var det animasjon det gjekk i. Det var vårt innslag av IKT i praksisperioden. Tema var verdsrommet, og elevane skreiv manus, teikna skisser og laga figurar med lego, plastalina, piperensarar og papp. I tillegg laga dei kulisser. Så var det i gong med bileta. Dei tok masse bilete til historiene sine frå rommet. Historiene handla om alt frå planetar og aliens til Lene Alexandra som hadde mista maskaraen sin på Mars. Mykje romrakettar blei det. Det å ta nok bilete av kvar handling var ikkje alltid lika lett, sjølv om me hadde snakka om det ein del gonger. Likevel vart det ei god byrjing på ein del fine animasjonsfilmar då elevane lasta bileta inn i Stop Motion Pro. Det blei nokre datatekniske problema, og ei gruppa som mista bileta sine. Dei kom heller ikkje så langt som me i utgangspunktet hadde tenkt, men det var ikkje noko problem for kunst og handverklæraren å fullføre prosjektet i eit par timar etter påske. Håpar me får sjå filmane deira ein gong, for det hadde vært gøy å sett dei endelege resultata.

I løpet av praksisen har eg hatt mange utfordringar som klasseleiar. Klassen Maria og eg var i, var jo som sagt ei utfordring, men det at me har fått prøvd oss skikkeleg i praksisperioden er jo ikkje noko negativt. Etter ein del råd og vegleding frå praksislærar om å vere meir tydelege, og ikkje vere redde for å gje beskjed til elevane gjekk det betre og betre gjennom perioden. Mykje av grunnen til dette er nok også at eg blei tryggare på kva eg skulle gjere, sjølv om eg framleis har langt igjen å gå i rolla som klasseleiar.

Alt i alt var dette nokon flotte veker i praksis. Me avslutta perioden med påskelunsj med klassen me blei så veldig glad i. Siste dagen fekk med beskjed av elevane å gå ut av klasserommet i fem minutt. Då me kom inn att hadde dei teikna eit stort hjerte på tavla der det stod Maria og Marianne. I tillegg hadde dei laga ein stor diplom til verdens beste studentar som heile klassen hadde skreve under på. Det vart nesten rørande! Diplomet pregar no veggen min heime! Det vart ei fin avslutning på ein flott praksis. Eg gler meg allereie til me skal i praksis igjen til hausten.


1 kommentar:

Ida H. sa...

Det høyres ut som du har fått gjort mykje spennande og fått veldig god kontakt med klassen. Syns dette addisjonskurset høyrtes svært utfordrande og lærerikt ut å lage, hadde vore kjekt å sett. Som eit slags tips. Du har fått med deg mykje. ;)