mandag 18. februar 2008

Ein smakebit på spesialpedagogikk

For meg betyr det mykje å få undervisning om spesialpedagogiske tema. I den norske skulen i dag er det mange barn som har behov for spesialtilpassa undervisning av ulike årsaker. Til dømes regner ein med at blant barn og unge under 18 år har 3 – 5% av befolkninga ADHD, i gjennomsnitt betyr det ein i kvar skuleklasse. 

Det er og fleire vanskar og typar funksjonssvikt, som kjem av ulike årsakar. Nokre døme er: 
Lese og skrivevanskar: Ut i frå Imsen (2005:360) kan man anta at lese- og skrivevanskar har samanheng med ein dysfunksjon i det kognitive bearbeidingssystemet. Ut i frå dette kan det videre ha fleire årsakar. Dersom eit barn er svakt utvikla i den allmenne språkutviklinga kan dette virke inn på den skriftspråklege utviklingsprosessen. Ein anna årsak kan vere arveleg. Ein viktig ting å leggje merke til her er at sosialpsykologiske faktorar og kan virke inn på desse arvelege lese- og skrivevanskane. Om eit barn får ein høyre heime at "siden foreldra dine slit med lesing og skriving, kjem nok du til å gjere det og" kan dette få stor påvirkning for kva barnet vil tenkje om sin eigen kompetanse på dette området. Lese- og skrivevanskar er problemer med å identifisere og skille språklydar. T.d. dobbel konsonant, sj/kj - lyd etc. Dysleksi er eit mykje brukt begrep på lese og skrivevanskar. 
Eg har ei mor som har lese- og skrivevanskar. Hu gjekk på skulen før dette var noko som var akseptert, og vart derfor stempla som dum av lærarane. Likevel var dette aldri noko som det blei snakka om heime hos oss i forbindelese med vår eigen skulegong. Verken eg eller dei to storebrødrene mine har hatt nokon problem på dette området. Det var først når eg blei eldre, og var komen långt i skulegongen, at mor mi fortalte meg om lese- og skrivevanskane hennar. Om eg hadde høyrt dette frå eg var liten, ville eg kanskje tenkt annerledes om eg møtte på ei utfording i mi eiga lese og skriveopplæring. Det skal og nevnast at mamma er ei utruleg sterk og beundringsverdig dame som ikkje gir seg. Til tross for lese- og skrivevanskar las ho høgt for meg kvar kveld då eg var liten. Me har blant anna lese alle Anne Cath. Vestly sine bøker. Noko som har betydd utruleg mykje for meg, og som nok er årsaka til at eg er så glad i å lese bøker sjølv. 
Dersom eg får elevar i ein klasse der eg mistenkjer at det kan vere lese- og skrivevanskar, skal eg følgje oppmodninga som me fekk frå Birgit i denne undervisingsøkta: Send dei først til optikar! Kanskje er det augene som er problemet? Det er utruleg viktig at lese- og skrivevanskar blir oppdaga tidleg i skulegongen, slik at eleven kan få den hjelpa han eller ho treng. Då me var ute i praksis såg me til dømes at fleire elevar gjekk på lesekurs. Det er bra at skulane satsar på slike tiltak. 

Matematikkvanskar: Matematikkvanskar er matematikkfagets utgåve av lese- og skrivevanskar. Elevar kan oppleve å ha tallfobi, og grue seg til matematikktimane. Meininga bak tall, plussar, minusar osv. er heilt uforståeleg. Matematikkvanskar blir kalt for dyskalkuli, og er på langt nær fått så mykje oppmerksomhet som dysleksi. Det er veldig mange elevar som slit med matematikkfaget, i alle fall innanfor ein eller fleire av dei ulike fagfelta. Noko som kan hjelpe elevar med dyskalkuli er bruk av verbalspråk og konkreter på riktig måte. Døme på konkreter er å vise antall med gjenstandar, eller bruke figurar med ulike geometriske former. Me såg ein film i matematikken om ein lærar som tok med seg klassen sin til ei kyrkje, der dei såg på ulike geoetriske figurar som var der. Då dei kom tilbake til skulen brukte dei desse som utgangspunkt for å arbeide videre med geometri. 

Sosiale og emosjonelle vanskar: Terje Ogden (Imsen, 2005:365-366) har laga ei liste med ting som kan observerast ved elevar som har lese og skrivevanskar. Hovedmomentene i lista er underyting, oppmerksomhetsporblemer, manglende kompetanse for skulearbeidet, bruk av uegnede læringsstrategiar, uro og rastløshet, for høgt eller for lavt aspirasjonsnivå, urealistisk virkelegsoppfatning, utagering og svak impulskontroll, oppmerksomhetssøkjande atferd, tilbaketrekning og dårleg sosial innlevningsevne og sosial kompetanse. Elevar kan ha nokon av kjennetekna, men ikkje alle. Problema kan forekomme enkeltvis eller i kombinasjonar. I arbeide med desse problema er det viktig med ein kombinasjon av spesialpedagogisk arbeid, og allement pedagogisk arbeid retta mot heile elevgruppa. Å arbeide med denne type vanskar er eit komplisert og tidskrevande arbeid, og som lærar trur eg det er stor mulighet for at ein kjem borti fleire ulike tilfelle av slike vanskar i løpet av si yrkestid. Heldigvis finns det PPT og andre som ein kan få hjelp og vegleiing frå i slike situasjonar, som i dei fleste andre spesialpedagogiske tilfeller. 

Syns- og hørselsvanskar: Då eg gjekk på videregåande gjekk eg i klasse med ei jente som var sterkt hørselshemma. Dette krevde ein del tilrettelegging frå skulen si side, og det var fleire hensyn som me i klassen måtte ta. Medan anna var det viktig at både lærar og elevar snakka mot ho, slik at ho kunne lese på munnen kva me sa. Likevel var dette aldri noko problem for oss som klasse. Det tok ikkje land tid før alle hensyn blei rein rutine. I tillegg fekk me tegnspråkkurs på skulen, og det var jo kjempespennande. Eg gjekk også på folkehøgskule med ei jente som var blind. Her var det også nokre få hensyn me måtte ta. T.d. at me sa kven me var når me møtte på ho, men hensyn på dette området var heller aldri vanskeleg. Det viktigaste i begge desse tilfella har vore informasjonen både frå personen det gjeld, og frå skulen. Usikkerhet om kva ein skal gjere, kan føre til at ein blir redd for å ta kontakt med personane det gjeld. Det er viktig at ungar får vite at til tross for syns- eller hørselshemminga er det ikkje noko "feil" med denne personen når det gjeld sosiale og personlege forhold. Ofte har personar med syns- og hørselshemmingar veldig sterke evner innanfor andre felt. Venninna mi frå folkehøgskulen er t.d. heilt utruleg dyktig musikalsk, medan anna er ho ein dyktig pianist. 
I arbeidet med elevar på dette området meiner eg det er utruleg viktig å løfte fram deira sterke sider. Sosialt sett kan det vere vanskeleg for dei, i og med at syn og hørsel er viktig i den sosiale settinga. Derfor er det viktig at ein jobbar aktivt for å byggje opp sjølvkjensla deira, og tilretteleggja deira skulekvardag på best muleg måte. Som nevnt tidlegare er det også utruleg viktig å informere og samtale med dei andre elevane i klassen. Dette gjeld då sjølvklart ikkje berre for personar med denne funksjonssvikten. 

Lettare hjernedysfunksjonar (MBD): Eg har skreve litt om denne gruppa tidlegare i innlegget, men tar med litt meir spesifikt. Disse diagnosane kjem av lettare forstyrrelsar i sentralnervesystemet. Dei blir klassifisert spesifisert etter hyperaktivitet og konsentrasjonsevne. ADD er konsentrasjonssvikt uten hyperaktivitet, og ADHD er konsentrasjonssvikt med hyperaktivitet. Nokre kjenneteikn er dårleg oppmerksomhet, teikn på iriitablitet, impulsivitet og hyperaktivitet. Dårleg motorikk kan også vere eit teikn. MBD kan lett forvekslast med dei genrelle åtferdsvanskane, som eg har vore inne på tidlegare. I følge Imsen (2005:360) er det derfor utruleg viktig å få ei skikkeleg utredning av kva som er årsaka til slike vanskar, mykje fordi dei pedagogiske tiltaka vil kunne vere ulike. Slike utredningar er det fagpersonell tilgjengeleg på skulane og i kommunen som tar seg av, likevel meiner eg det er viktig med eit tett samarbeid med skule og heim i slike prosessar. 

Psykisk utviklingshemming: Dei psykiske utviklingshemmingane blir delt inn i tre grupper. Lett, moderat og djup psykisk utviklingshemming. Barn i den lette gruppa skiljer seg lite frå "normalgruppen", og har god nytte av opplæring. Utviklinga kan likevel vere meir langsom. Moderate har ein noko større funksjonssvikt, det er ofte synleg i bevegelsar og kroppsholdning. Dei er fullt opplæringsdyktige, men krev tilpassa opplæringsprogram etter sine spesielle behov. Dei med ei djup psykisk utviklingshemming treng hjelp til det meste. Bevisst trening av dagleglivets ferdigheter har vist store framsteg for fleire (Imsen, 2005:369-370). Imsen skriv og noko som eg tykjer er utruleg viktig, nemleg at alle menneske i størst muleg grad skal leve eit menneskeverdig liv så likt ein naturleg livssituasjon som muleg. Dei er jo verdifulle mennesker dei og, som gjer samfunnet vårt rikare. Derfor er det viktig at me tilpassar skulesituasjonen for dei på best muleg måte. 


Autisme: Ein diagnose forårsaka av ein organisk svikt i hjernen. Autisme førar til redusert evne til gjensidig sosial interaksjon (Imsen, 2005: 370). Litt lenger nede i innlegget mitt har eg skreve om ein gut som har Asparger- syndrom som er ein autismeliknande tilstand. Dette med autisme er noko som eg veit veldig lite om, men som eg håpar me vil lere meir om i pedagogikken. 

Det kan ikkje alltid ver like lett å vite kva ein skal gjere i alle situasjonar, men likevel meinar eg at ein lærar som har ein elev med diagnose i sin klasse bør ha ansvar for å skaffa seg grunnleggande informasjon om kva diagnosen gjer med eit menneske, og korleis denne eleven bør behandlast for å ha ein best mulig skulekvardag. Informasjon og personar som ein kan rådføra seg med bør vere tilgjengelige på ein kvar skule.

Ei mor fortalde meg om noko som hadde skjedd med sonen hennas på skulen. Guten har diagnosen Asperger syndrom. Ein diagnose som krev mykje oppfølging. Ein dag hadde guten fått eit raserianfall mot slutten av skuledagen. Han hadde lagt under ein sofa for å sleppe unna, og beskjeden frå fagpersonell var at om han gjere noko slikt skal han få vere i fred til anfallet er over. Sia dette var mot slutten av dagen ville dei få guten heim, og henta han derfor ut frå gjømmestaden. Dette gjorde berre vondt verre for guten. Ein høgare autoritet ved skulen vart henta for å prøve å snakke med guten, men han roa seg ikkje. Det enda med at personen som skulle snakka med han blei så irritert at han slo til guten!!!
(Eg fekk tillatelse av mora til å fortelje historia i bloggen min.)

Eg håpar ikkje situasjonar som dette er noko som skjer ofte. I sånne situasjonar er det like vanskeleg for alle parter. Først barnet det handlar om som absolutt ikkje har vald å vere slik. Foreldra til barnet som har rett på at deira barn skal ha ein tilpassa opplæring. Skulen som ikkje får dei ressursane dei har krav på fordi det skal sparast pengar. Eigentleg skremmande kor mykje den økonomiske sida har å sei i eit av verdast rikaste land.

Den dagen eg blir lærar veit eg at blir ei stor utfordring. Eg får prøve å gjere så godt eg kan, sjølv om det kan bli vanskeleg og eg vil nok gong på gong føle at ikkje strekk til. Heldigvis finnes det mykje informasjon tilgjengeleg på pedagogiske sentre, på skulane og i undervisninga fekk me og sjå fleire døme på gode nettstader. Ein anna ting som er utruleg viktig er kommunikasjon. Ha mykje kontakt med foreldre, fagpersonell og med barnet sjølv i dei situasjonane der det er muleg.
Revidert veke 17.

1 kommentar:

Kristin Kreativius sa...

det er så interessant å lese bloggen din Manne! Lurer på om du kanskje vil komme å skrive pedagogikkeksamen for meg om noen uker? ... nei... jeg får vel gjøre det selv... å, jeg sitter å ser på helger jeg kan ta meg en tur til Haugesund... men det er neimenn ikke mange å ta av. saaavner deg!!!!