søndag 30. september 2007

Storyline

Storyline er ein undervisningsmetode som kan brukast på alle trinn i grunnskulen.
Opplegget går ut på at læraren og elevane skal laga ei forteljing ut ifrå ei tematisk ramme.
Den tematiske ramma kan til dømes vera "på eit sirkus" eller "feriereisa".
Etter at den tematiske ramma er gitt, og forteljinga dermed er forankra i tid og sted skal elevane finna dei levenade vesna i forteljinga. Kven er dei og kvar bur dei? Elevane skapar figurar som gis form og personleghet.
Miljøet dei bur i skapast og, til dømes ved å tegne gata dei bur i på tavla.
Elevane finn og ut korleis livet er der dei bur.
Så byrjar forteljinga.
Elevane diktar kva som skjer. Læraren stillar spørsmål som førar elevane fram i forteljinga, og som sørgar for at elevane lærar noko av storylinen. Spørsmåla skal føra oppmerksomheten til elevane i ei bestemt retning og oppmuntra dem til å dela sine ferdighetar, refleksjonar og kunnskapar med kvarandre.
I forteljinga møtar elevane på spanande situasjonar der dei må takla ulike problem og løysa dei. I desse situasjonane ligg læringa.
Eg meinar at storyline må vera ein genial undervisningsmetode. Elevane får læra gjennom å gjera, noko som pedagoisk sett skal bety at dei skal hugsa meir av det i ettertid. Ein kan knytta alle fag inn i storylinen. Korleis kan familien sette opp eit budsjett for ferien sin? = matematikk. Kvar skal dei reise? = Samfunnskunnskap. Korleis er kulturen og religionen i landet dei skal besøka? = KRL. I tillegg vil elevane læra samarbeid og å sette seg inn i ein annan situasjon. Metoden er og med på å øka kreativiteten til elevane.
Absolutt ein metode eg kan tenka meg å prøva ut ein gong!

Noko høve til å prøve ut Storyline metoden vart det ikkje i praksisperiodane, men forsatt er storyline ein metode eg kan tenka meg å prøva ut. Kanskje kjem høvet i ein praksisperiode til neste år? No tenkjer eg faktisk på å ta eit år drama som siste året i lærarutdanninga, fordi eg ynskjer å lære meir om alternative måtar å lære på. Hadde eit ørlite dramaprosjekt om janteloven i praksisperioden, og det fungerte veldig bra! Den typen arbeid ga absolutt meirsmak!

mandag 17. september 2007

Observasjon

No som me skal ut og observera korleis kvardagen er i læraryrket er det bra å ha litt undervisning i bakhovudet om korleis ein skal observera. Viss ein ikkje tenkjer over kva ein ser etter er det lett at ein ser på ting på feil måte eller at ein rett og slett følgjer med på feil ting.

Det var interessant å observera i kantina på skulen. Eg skreiv ein minuttobservasjon av nokon som satt rundt eit bord. Problemet var at dei som satt der gjekk etter ei stund, så i løpet av dei tretti minuttane eg observerte satt det tre forskjellige grupper rundt det same bordet. Likevel var det spennande å sjå korleis folk oppfører seg i noko så kvardagsleg som eit friminutt. Til dømes kossen andre oppførar seg når ein pratar, korleis folk et, kor utroleg mykje folk fiklar med ting som står på bordet etc.

Må ærleg sei at eg følte meg litt dum der eg satt å kikka på folk. Nesten som det hang et skilt over hovudet mitt der det sto: ”Eg ser på deg”. Eg håpar det blir annleis når me kjem i praksis, og folk vett at me er der for å observera.

Så blir det spennande å sjå korleis det er ute i lærarkvardagen, og å høyre kva andre observerar i løpet av veka på Skåredalen.

Eg meiner observasjon er utruleg viktig i kvardagen som lærar. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, men kanskje skriva ned nokon ord i dagbok på slutten av skuledagen eller kanskje ha ei bok med ei side til kvar elev der ein kan skrive ned spesielle ting som bør bli huska. Dette kan vere til god hjelp medan anna i arbeidet med tilpassa opplæring. Har ein elevar som er tilknytta PPT er det også viktig med loggføring, for då skal ein kunne gå tilbake til konkrete situasjonar og sei kva som hende. Då hjelper det ikkje å sei at "eg trur det var ein gong i forgje veke at ...". Ellers er det jo greit å skrive ned undervisningstimar som har fungert godt, eller mindre godt, slik at ein betre huskar erfaringar som kan vere til hjelp seinare. 

Så korleis kan ein observera? Det finnes mången ulike måtar. Eg har jo nevnt loggføring og dagbok, men andre metodar som kan nevnast er videoobservasjon, intervju/samtale, praksisforteljing, rangeringsskala, sosiogram og innsamla materiale. 

søndag 9. september 2007

Lærarens mandat og mange oppgåver

Det er interessant å læra om personar som Inge Eidsvåg. Ein pedagog som verkeleg kan sitt fag, og som er reflektert i høve til yrket sitt. Det var veldig interessant å lesa utdraget frå boka hans. Særleg om dei første skulane. Kor mykje klokt som vart sagt om læring så langt frå vår tid som allereie rundt år 400 før Kristus. Då sa Konfucius, ein lærar som blir rekna som den største i Kina at: «Jeg hører og glemmer. Jeg ser og husker. Jeg gjør og forstår,» Kanskje noko av det som blir omtalt mest når det gjeld kommunikasjon i vår tid også, kor mykje meir ein hugsar av det ein lære når ein i tillegg får sjå og gjera noko i samanheng med det.

Dei ti bod for den gode lærar som Inge Eidsvåg har skreve er og noko som er lurt å ta med seg ut i læraryrket. Her klarar han og fange alle dei viktige områda innanfor læraryrket inn i ti enkle setningar som er lette å hugsa, og som tar liten plass over arbeidsbordet.

Du skal kunna og vera glad i faga dine
Du skal vera glad i forteljingar
Du skal vera nærverande
Du skal sjå elevane
Du skal vera glad i elevane dine
Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
Du skal ofte ha med deg noko nytt
Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunnspolitiske rolla
Du skal våga å vera lærar

Det er meir med læraryrket enn bare undervisninga. Ein skal kunne samarbeide med dei andre lærarane, styre og foreldre. I tillegg har ein og ansvar for å følgje med at eleven har det bra på alle områder, ikkje berre kunnskapsmessig. Mången utfordringar på fleire ulike område. Eg trur mi største utfordring i høve til alle desse ikkje blir eit av område, men å få til ein god kombinasjon av dei. Om eg kun fokuserar på elevenes kunnskap vil det sosiale gå tapt, men om eg kun fokuserar på det sosiale vil kunnskapen gå tapt. Så som sagt; kombinasjonen blir for meg ei stor utfordring. Likevel er det ting som opptar meg meir enn andre; Korleis ein skal gå fram i ein sak der ein mistenker at eleven ikkje har det så bra heime, er eit spørsmål som kan få meg til å bli bekymra i høve til mitt kommande yrke. Kva om eg til dømes får mistanke om at ein elev blir utsatt for overgrep? Heldigvis finnes det mykje hjelp å få, noko som eg håpar me kjem til å høyre meir om i undervisninga fremover.

Heldigvis er det slik at dei aller fleste elevar har oppegåande foreldre som er interessert i barna sin skulegong. Det er bra å ha eit nært samarbeid med foreldre, men godt det framleis ikkje er så tett som det var i Noreg på 1700 talet.
”Når vi snakker om læreren i de første årene av den norske allmueskolens historie, snakker vi om omgangsskolelæreren. Læreren var skolen, og noen steder ble han også kalt det. Han var den store formidleren. Han var bondesamfunnets øyne og ører mot verden i ei tid da få kunne lese og skrive. Samtidig var han en naturlig del av det samfunnet han levde i. Aldri har vel kontakten mellom heim og skole vært så god som i den tida vi hadde omgangsskole. Omgangsskolen var naturalhusholdningens skole, bokstavelig talt skjeftet til heimen. Folket på gården, som ofte drev sine sysler i det samme rommet der skolen var, lyttet nok med et halvt øre til det som ble sagt. Og de visste å renske halsen, hvis noe de mislikte kom
dem for øre."
Utdrag frå Inge Eidsvågs bok Den gode lærer i liv og diktning.

Me er heldige som lever i ein verden full av teknologiske hjelpemiddel som me kan bruka i undervisninga. Når eg gjekk på skulen hadde me løkoen som den store gulrota i matematikken. Dei som blei ferdige med oppgåvene kunne prøva å regna seg frem til eit mønster på løkobrettet. Så mykje meir spennande det må væra å kunne gå inn på nettet og regna i eit matematikkspel med masse fargar og lydar og andre effektar. I tillegg har elevane tilgong på dette heime og. Kanskje ser dei på det som ein lek på nettet, men samtidig lærar dei masse.

Google Earth er jo og ein fantastisk måte å læra geografi på. Kanskje kan dei svære karta som aldri ville enten ned eller opp igjen byttas ut med ein prosjektor og ein tilkopling til nettet?
Revidert veke 17.

fredag 31. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Eg hugsar godt min første skuledag. Eg hadde fått meg ny ransel, knall rosa. Eg var så stolt, og så klar til å endeleg byrja på skulen. Morgonen virka som heile evigheta, men endeleg kunne me kjøra. Eg, mor mi og far min. Me møtte opp på skuleplassen. På trappa utanfor administrasjonsbygningen stod rektor og dei lærarane me kunne få. Så kom eg i klassen til Liv Marit, 1A. Eg hugsar ho hadde på seg ein blårutete kjole og ho smilte mykje, så mykje at eg skjønte at ho var snill. Ho hadde også med seg ei stor korg, oppi den korga hadde ho eit bur med to dansemus. Eg trur eigentleg ho var lit redd dei sjølv, men visa dei rundt og fortalte ein historie om dei. Det var moro. 

Åra gjekk og me gjorde mykje i lag med Liv Marit. Kvar jul og sommar var det skodespel for foreldra våre, og me hadde festar av ulike slag. Besteforeldrefest, trollfest, sjørøvarfest, karneval og mykje meir. Me reiste og på tur til Espevær. Der bade me, grilla og såg på UFO ringen. Liv Marit arrangerte mykje gøy for oss. Ho var verkeleg ein snill lærar.

Det eg likevel hugsar best med Liv Marit er den tryggleiken ho gav meg på skulen. Frå fyrste til fjerde klassen hadde eg ingen fag som eg ikkje likte eller følte at eg ikkje meistra. Til og med matematikk og verstingen gymnastikk var moro då. Klassemiljøet vårt var også veldig bra på skulen. Me lekte mykje saman, og i timane tok Liv Marit seg tid til at me kunne fortelje kva som hadde skjedd i både friminutt, ettermiddagar og i helgar.
Som eg har skreve tidlegare i bloggen inspirerte ho meg skikkeleg til å bli lærar sjølv. Eg laga stensilar og drøymde om å ha min eigen klasse. Liv Marit har nok mykje av æra for at eg har byrja på lærarskulen no.

Så var det dagen då Liv Marit fortalde oss at ho skulle begynne på vidareutdanning i spesial pedagogikk. Alle vart så lei seg då ho ikkje kunne væra klasseforstandaren vår lenger. Mykje endra seg og då på skulen. Kanskje var det fordi me vart eldre, blei betre kjende med oss sjølve, nye ting som opptok oss osv. Likevel trur eg nok at Liv Marit betydde mykje for oss som klasse og som einskilde elevar. Eg er i vert fall overbevist om at læraren me fekk etterpå ikkje hadde noko enkel jobb. Ho fekk høyre mykje: ”men slik gjorde aldri Liv Marit.”

Er det ein lærar eg vil prøva å bli som er det absolutt ho Liv Marit!

Liv Marit og eg i den iskalde sjøen på klasseturen til Espevær.
Revidert veke 17.

onsdag 29. august 2007

Samarbeid og kommunikasjon

Som lærar er det avgjørande å kunne kommuisera med elevane. Utan kommunikasjon med elevane vil ein aldri kunne klara å læra dei noko. Eg trur det blir ei utfordring å læra seg å bli god på kommunikasjon. Årsakane til det er fleire.
- Ein skal klara å kommunisera til alle elevane. Ein må bli så godt kjent med elevane at ein vett korleis kvar og ein av dei kan læra stoffet på best mulig måte. Eigentleg skulle ein hatt 23 undervisningsopplegg for ein klasse med 23 elevar, men det ville kanskje blitt ei uoverkommeleg oppgave. Dermed må ein kanskje finna det opplegget som best muleg famnar flest muleg av dei. I tillegg trur eg at mykje variasjon kan gjere at ein når inn til endå fleire, i og med at for mykje rutine kan bli kjedelig. Då meinar eg faglege rutinar og ikkje gode rutinar i skulekvardagen som bidrar til elevens tryggleik.
- Ein god kommunikator er ein trygg kommunikator. Ein som vett kva budskap han eller ho skal formidle, og korleis ein skal formidla det. For å virka trygg er det viktig at ein kan beherske sitt eiga kroppspråk, vita kor ein skal plassera hendene, og ikkje bruka "æææ" og "mmm" lydar i setningane. Lett å seie, men vanskeligare i praksis. Det ligg mykje trening bak god kommunikasjon.
- God kommunikasjon handlar like mykje om mottakaren som om sendaren. Kva slags "bagasje" mottakaren har med seg påvirkar korleis budskapet blir tatt imot. Her er det viktig for læraren å kjenna elevane sine godt. Kva foregår i elevens liv utanom skulen. Ein god dialog med både elev og foresatte er viktig, men sjølsagt utfordrande i ein stor klasse.
For å verkelig få prøva oss på kroppspråk hadde me mimelek i undervisninga denne dagen. Me fekk oppgåver i grupper, der gruppa saman skulle mime og resten av klassen gjette kva me gjorde. Gruppa mi fekk oppgåva: "beruset bartender". Klassen fann ut kva me var, så kroppspråket vårt sa vel sitt. Litt skummelt var det å stå slik foran klassen, men godt å ha ei gruppe å gjere det samen med. Meir øving i å stå foran folk blir det nok mykje av utover året. Godt er det, for det er jo ein sentral del av lærarlivet.

Å kunne vere ein del av eit team er også viktig. Samfunnet i dag blir meir og meir basert på teamarbeid, og at elevane får trening på detta området frå dei byrjar på skulen er bra. Som det blei sagt i undervisinga er det viktig med konsekvens. Elevane må lera seg kva som er bra og kva som ikkje er bra. Kanskje er det lurt med samtalar med elevane når noko negativt har skjedd. Ikkje bare sei at: "slik skal det ikkje gjerast." Ein kan spør eleven eller elevane om kva dei sjølv meiner gjekk galt i samarbeidet, og kanskje har dei løysinga sjølv også. Det dei kjem fram til sjølve vil dei hugsa bedre, som me all anna læring.

Til undervisinga vart det lagt ut nokre lenkjer til fordypning. Ei av desse handla om kroppsspråk og var spennande lesning. Det er nesten litt skremmande å tenkje på korleis ein både bevisst og ubevisst sender ut signaler med kroppen. Kroppsspråket vårt kan enten understreke eller motvirke det ein seier med ord. Artikkelen om kroppsspråk var skriven av Karen Zimsen. Ho skriv at ho tror ikkje nokon kan lere seg å kontrollere kroppsspråket sitt 100%, sjølv om nokon klarer å kontrollere det ekstremt godt. Ho brukar dømet på politikarar i ein debatt på TV. Dei ser veldig kontrollerte ut, men ser ein nærare på dei er det kanskje ein raud flekk i panna eller ein liten muskel i munnviken som dirrar litt. 

Nokon folk er og utruleg gode på å lese andres kroppsspråk. Eg har møtt på lærarar som har sett på oss elevar om noko var vanskeleg, uten å spørje. Det å bli sett på ein slik måte trur eg kan bety mykje, spesielt om ein er inne i ein vanskeleg periode. Det visar at ein er interessert i personen. 

Det blir sagt at ungar er utruleg gode til å lese kroppsspråk. Kanskje er det noko som har samanheng med at dei ikkje forstår alle orda som blir sagt når dei er små, og derfor lerar seg å tolke det som blir sagt utifrå andre ting enn berre orda? Dette er sjølvsagt ikkje noko eg kan seie sikkert, men det er kanskje ei mogleg forklaring. Viktig er deti hvert fall at me som lærarar tenkjer over kroppsspråket vårt i møtet med elevar. Elevane må se at me er ærlige, og at me ikkje seier ein ting og meiner noko anna. Det vil svekke forholdet mellom lærar og elev. 

Det var og lagt ut ein test der eg fekk teste kor god eg var til å lese smil, om dei var ekte eller falske. Ei stor utfordring. Eg visste frå før at der det viser best er på augene, likevel fekk eg berre 16 av 20 rette. Ingen enkel sak det der, men det er nok ein treningssak det og. 



Falskt på den eine sida, og ekte på den andre.
Ikkje alltid like lett å sjå forskjellen ... 






Som lærarar må ein og prøve å tolke elevanes kroppsspråk. Nokon elevar har eit veldig tydeleg kroppsspråk. Når dei ligg så langt nede på stolen at hovudet så vidt visar over kanten på pulten er det eit tydeleg teikn på kjedsomhet. Likevel kan det vere elevar som er vanskeligere å tolke. Dei som sitt stille og ikkje vil seie noko, er det berre sjenert eller har dei det tøft og vanskeleg?

Dette temaet blir nok ei utfordring når eg skal ut i læraryrket, men både det å lese kroppsspråk hos andre og å bli betre bevisst sitt eige er heldigvis noko ein kan trene på. 

Ei anna lenkje handla om grupper, og om korleis folk går inn i ulike roller når dei er i saman med andre folk. Dette var også utruleg spennande lesning, og noko som er relevant både i forhold til studiesituasjonen i samla klasse og i praksisgrupper, men også ute i skulen med korleis elevane går inn i ulike roller i klassen og vennegjengen. Å tenkje over korleis dette fungerer i ein klasse, og kunne ta tak i dei elevrollene som kanskje ikkje er så positive for miljøet tror eg er utruleg viktig som lærar. 

Det er også bra å tenkje over si rolle i situasjonar der eg sjølv skal fungere i lag med andre mennesker, t.d. i praksisgruppa. I denne undervisingsøkta laga me kjøyrereglar for praksisgruppa. Det gjekk bra. Me var enige om kva me meinte var viktig for gruppa. T.d. at alle tar ansvar for det me skal gjennomføre, ingen "gratis"passasjerar, ikkje baktale kvarandre på gruppa og å ha ei positiv innstilling. 
Revidert veke 17.

torsdag 23. august 2007

Kvifor eg vil bli lærar, og kvifor eg valde HSH

Kvifor eg vil bli lærar!
Då eg var 10 år og gjekk i tredjeklassen laga eg stensilar som eg ville bruka når eg sjølv vart lærar ein dag. Eg hugsar framleis stensilen om bokstaven R, der eg teikna eg stor rev. Så draumen om læraryrke har alltid vore ein del av meg. Mykje av grunnen til det er læraren min på barneskulen. Eg kjem til å skrive eit eige blogginnlegg om henne seinare.
Då eg gjekk i åttande klassen hadde eg arbeidsveke i ein tredjeklasse. Etter det kunne eg ikkje venta med å byrja på lerarskulen.
Men så blei eg eldre, og tenkte kanskje at eg skulle gjera noko "meir spesielt." Tenkte mykje fram og tebake og vurderte alt muleg, men ikkje noko virka spanande nok. Midt opp i all undringa på kva eg skulle bli, tok eg ei årseining i musikk ved HSH. Hadde eit veldig spanade år, og likte meg spesielt godt i praksisperioden i barneskulen. Likevel blei det to år te med tenking, men til slutt fann eg ut at det aller beste eg veit er å få jobba med barn og ungdom, og difor starta eg no på lærarskulen.
Trur ikkje eg kjeme til å angra ein dag på valget mitt når eg er ferdig, for eigentleg var det nok lærar eg ville bli heile vegen!
Satsar på å ta ein master i IKT, musikk eller drama. Kanskje jobba i den vidaregåande skulen ein dag?

Kvifor eg valde HSH!
Eg har budd 2 år i Oslo, men fann ut at eg sakna Haugesund, byen familien min og venene mine. I tillegg fekk eg eit jobbtilbod som eg ikkje kunne motstå!! :)

Eg har fleire gonger tenkt på stensilane eg lagde, og kor artig det hadde vore og sett på dei i dag, men dei er nok forsvunne med tida. Eg har eit lite håp blant eske på eske med gamle nedstøva ting på loftet til mamma og pappa. Kanskje dukkar dei opp ein dag? :)
Revidert veke 17.

onsdag 22. august 2007

Pedagogikk - nytt fagområde

Mandag morgon hadde me vår fyrste forelesning med Aashild. Den handla om pedagogikken som eit nytt fagområde.
Sjølv om eg hadde litt didaktikk då eg tok årseining i musikk ved HSH gjekk nok den på långt nær så i djubden som me kjem til å gjere på allmennlerar. Mykje nytt blir det nok derfor.
Forelsinga var bra. Greit å få ting heilt grunnleggande. Me var innom ulike område som skulen sitt mandat, kven som har ansvar for kva, litt om L06 og det nye kunnskapsløftet, kompetanse, pedagogens ulike roller og korleis ein kan bli ein god lerar. Eg trur pedagogikk kjem til å bli et spanade fag, men og eit fag som krev ein god del lesing og jobbing om ein skal klara å følgja med rundt svingane. Eg får gjere mit beste, for eg vil jo bli ein god pedagog. Det var jo derfor eg byrja på denne utdanninga!