Åra gjekk og me gjorde mykje i lag med Liv Marit. Kvar jul og sommar var det skodespel for foreldra våre, og me hadde festar av ulike slag. Besteforeldrefest, trollfest, sjørøvarfest, karneval og mykje meir. Me reiste og på tur til Espevær. Der bade me, grilla og såg på UFO ringen. Liv Marit arrangerte mykje gøy for oss. Ho var verkeleg ein snill lærar.
Det eg likevel hugsar best med Liv Marit er den tryggleiken ho gav meg på skulen. Frå fyrste til fjerde klassen hadde eg ingen fag som eg ikkje likte eller følte at eg ikkje meistra. Til og med matematikk og verstingen gymnastikk var moro då. Klassemiljøet vårt var også veldig bra på skulen. Me lekte mykje saman, og i timane tok Liv Marit seg tid til at me kunne fortelje kva som hadde skjedd i både friminutt, ettermiddagar og i helgar.
Som eg har skreve tidlegare i bloggen inspirerte ho meg skikkeleg til å bli lærar sjølv. Eg laga stensilar og drøymde om å ha min eigen klasse. Liv Marit har nok mykje av æra for at eg har byrja på lærarskulen no.
Så var det dagen då Liv Marit fortalde oss at ho skulle begynne på vidareutdanning i spesial pedagogikk. Alle vart så lei seg då ho ikkje kunne væra klasseforstandaren vår lenger. Mykje endra seg og då på skulen. Kanskje var det fordi me vart eldre, blei betre kjende med oss sjølve, nye ting som opptok oss osv. Likevel trur eg nok at Liv Marit betydde mykje for oss som klasse og som einskilde elevar. Eg er i vert fall overbevist om at læraren me fekk etterpå ikkje hadde noko enkel jobb. Ho fekk høyre mykje: ”men slik gjorde aldri Liv Marit.”
Er det ein lærar eg vil prøva å bli som er det absolutt ho Liv Marit!

Liv Marit og eg i den iskalde sjøen på klasseturen til Espevær.
Revidert veke 17.
1 kommentar:
Det er så forunderleg kor godt og klårt ein kan hugsa den minste detalj rundt spesielle dagar som til dømes den fyrste skuledagen. Det er ein stor dag i eit lite barn sitt liv. Ho hadde jo ein skikkeleg "isbrytar" i dei to dansemusa, vil eg seia. Det er få ting som fengjer ungar så mykje som dyr, er mi erfaring. Så kjekt at ho har gitt deg så mykje positivt, og attpåtil inspirert deg i val av yrke. Du får ha med deg Liv Marit i "ryggsekkjen" din når du sjølv skal praktisera som lærar.
Birgit :-)
Legg inn en kommentar