Då eg var 10 år og gjekk i tredjeklassen laga eg stensilar som eg ville bruka når eg sjølv vart lærar ein dag. Eg hugsar framleis stensilen om bokstaven R, der eg teikna eg stor rev. Så draumen om læraryrke har alltid vore ein del av meg. Mykje av grunnen til det er læraren min på barneskulen. Eg kjem til å skrive eit eige blogginnlegg om henne seinare.
Då eg gjekk i åttande klassen hadde eg arbeidsveke i ein tredjeklasse. Etter det kunne eg ikkje venta med å byrja på lerarskulen.
Men så blei eg eldre, og tenkte kanskje at eg skulle gjera noko "meir spesielt." Tenkte mykje fram og tebake og vurderte alt muleg, men ikkje noko virka spanande nok. Midt opp i all undringa på kva eg skulle bli, tok eg ei årseining i musikk ved HSH. Hadde eit veldig spanade år, og likte meg spesielt godt i praksisperioden i barneskulen. Likevel blei det to år te med tenking, men til slutt fann eg ut at det aller beste eg veit er å få jobba med barn og ungdom, og difor starta eg no på lærarskulen.
Trur ikkje eg kjeme til å angra ein dag på valget mitt når eg er ferdig, for eigentleg var det nok lærar eg ville bli heile vegen!
Satsar på å ta ein master i IKT, musikk eller drama. Kanskje jobba i den vidaregåande skulen ein dag?
Kvifor eg valde HSH!
Eg har budd 2 år i Oslo, men fann ut at eg sakna Haugesund, byen familien min og venene mine. I tillegg fekk eg eit jobbtilbod som eg ikkje kunne motstå!! :)
Eg har fleire gonger tenkt på stensilane eg lagde, og kor artig det hadde vore og sett på dei i dag, men dei er nok forsvunne med tida. Eg har eit lite håp blant eske på eske med gamle nedstøva ting på loftet til mamma og pappa. Kanskje dukkar dei opp ein dag? :)
Revidert veke 17.
3 kommentarer:
Hei Marianne!
Kjekt å lesa om stensilar med boksaven R! Har du dei framleis? Ikkje noko er så morosamt for elevar som å få høyre kva læraren deira gjore når ho gjekk på skulen. Eg hadde ei stor dokke som heite Marianne. Fekk den etter at eg byrja på skulen. Og då bestemte eg meg for at viss eg nokon gong fekk ei jente skulle ho heite Marianne. Og det gjer ho. Ho blei 12 år i august!
Hmm, det ser ut som du har tatt eit veloverveid val i høve til yrkesveg. Eg gler meg til å lesa om den store inspirasjonsgleda di - læraren din på barneskulen. Og så skjønar eg godt argumentasjonen for å venda attende til Haugesund... Borte bra, men heime best, heiter det seg jo...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar