Mandag morgon hadde me vår fyrste forelesning med Aashild. Den handla om pedagogikken som eit nytt fagområde.
Sjølv om eg hadde litt didaktikk då eg tok årseining i musikk ved HSH gjekk nok den på långt nær så i djubden som me kjem til å gjere på allmennlerar. Mykje nytt blir det nok derfor.
Forelsinga var bra. Greit å få ting heilt grunnleggande. Me var innom ulike område som skulen sitt mandat, kven som har ansvar for kva, litt om L06 og det nye kunnskapsløftet, kompetanse, pedagogens ulike roller og korleis ein kan bli ein god lerar. Eg trur pedagogikk kjem til å bli et spanade fag, men og eit fag som krev ein god del lesing og jobbing om ein skal klara å følgja med rundt svingane. Eg får gjere mit beste, for eg vil jo bli ein god pedagog. Det var jo derfor eg byrja på denne utdanninga!
onsdag 22. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Vi kjem til å gå nærare innpå kva som er læraren sitt mandat og mange oppgåver neste veke. Det er mange som får nokre aha-opplevingar då... Kjekt at du gler deg til pedagogikkfaget og har som mål å bli ein god pedagog. Stå på!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar