Dei ti bod for den gode lærar som Inge Eidsvåg har skreve er og noko som er lurt å ta med seg ut i læraryrket. Her klarar han og fange alle dei viktige områda innanfor læraryrket inn i ti enkle setningar som er lette å hugsa, og som tar liten plass over arbeidsbordet.
Du skal kunna og vera glad i faga dine
Du skal vera glad i forteljingar
Du skal vera nærverande
Du skal sjå elevane
Du skal vera glad i elevane dine
Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
Du skal ofte ha med deg noko nytt
Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunnspolitiske rolla
Du skal våga å vera lærar
Det er meir med læraryrket enn bare undervisninga. Ein skal kunne samarbeide med dei andre lærarane, styre og foreldre. I tillegg har ein og ansvar for å følgje med at eleven har det bra på alle områder, ikkje berre kunnskapsmessig. Mången utfordringar på fleire ulike område. Eg trur mi største utfordring i høve til alle desse ikkje blir eit av område, men å få til ein god kombinasjon av dei. Om eg kun fokuserar på elevenes kunnskap vil det sosiale gå tapt, men om eg kun fokuserar på det sosiale vil kunnskapen gå tapt. Så som sagt; kombinasjonen blir for meg ei stor utfordring. Likevel er det ting som opptar meg meir enn andre; Korleis ein skal gå fram i ein sak der ein mistenker at eleven ikkje har det så bra heime, er eit spørsmål som kan få meg til å bli bekymra i høve til mitt kommande yrke. Kva om eg til dømes får mistanke om at ein elev blir utsatt for overgrep? Heldigvis finnes det mykje hjelp å få, noko som eg håpar me kjem til å høyre meir om i undervisninga fremover.
Heldigvis er det slik at dei aller fleste elevar har oppegåande foreldre som er interessert i barna sin skulegong. Det er bra å ha eit nært samarbeid med foreldre, men godt det framleis ikkje er så tett som det var i Noreg på 1700 talet.
”Når vi snakker om læreren i de første årene av den norske allmueskolens historie, snakker vi om omgangsskolelæreren. Læreren var skolen, og noen steder ble han også kalt det. Han var den store formidleren. Han var bondesamfunnets øyne og ører mot verden i ei tid da få kunne lese og skrive. Samtidig var han en naturlig del av det samfunnet han levde i. Aldri har vel kontakten mellom heim og skole vært så god som i den tida vi hadde omgangsskole. Omgangsskolen var naturalhusholdningens skole, bokstavelig talt skjeftet til heimen. Folket på gården, som ofte drev sine sysler i det samme rommet der skolen var, lyttet nok med et halvt øre til det som ble sagt. Og de visste å renske halsen, hvis noe de mislikte kom
dem for øre."
Utdrag frå Inge Eidsvågs bok Den gode lærer i liv og diktning.
Me er heldige som lever i ein verden full av teknologiske hjelpemiddel som me kan bruka i undervisninga. Når eg gjekk på skulen hadde me løkoen som den store gulrota i matematikken. Dei som blei ferdige med oppgåvene kunne prøva å regna seg frem til eit mønster på løkobrettet. Så mykje meir spennande det må væra å kunne gå inn på nettet og regna i eit matematikkspel med masse fargar og lydar og andre effektar. I tillegg har elevane tilgong på dette heime og. Kanskje ser dei på det som ein lek på nettet, men samtidig lærar dei masse.
Google Earth er jo og ein fantastisk måte å læra geografi på. Kanskje kan dei svære karta som aldri ville enten ned eller opp igjen byttas ut med ein prosjektor og ein tilkopling til nettet?
Revidert veke 17.
1 kommentar:
Eg tykkjer du er flink til å setja eigne ord på det du opplever som viktig i høve til undervisningsøktene. Flott at du og tek deg tid til å arbeida med førelesningane på eiga hand i etterkant. Kva trur du blir di største utfordring i høve til lærarrolla og dei mange oppgåvene? Blir det realiseringa av lovverk og læreplanar, eller undervisninga, eller kan hende den utvida omsorgsrolla?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar