mandag 17. september 2007

Observasjon

No som me skal ut og observera korleis kvardagen er i læraryrket er det bra å ha litt undervisning i bakhovudet om korleis ein skal observera. Viss ein ikkje tenkjer over kva ein ser etter er det lett at ein ser på ting på feil måte eller at ein rett og slett følgjer med på feil ting.

Det var interessant å observera i kantina på skulen. Eg skreiv ein minuttobservasjon av nokon som satt rundt eit bord. Problemet var at dei som satt der gjekk etter ei stund, så i løpet av dei tretti minuttane eg observerte satt det tre forskjellige grupper rundt det same bordet. Likevel var det spennande å sjå korleis folk oppfører seg i noko så kvardagsleg som eit friminutt. Til dømes kossen andre oppførar seg når ein pratar, korleis folk et, kor utroleg mykje folk fiklar med ting som står på bordet etc.

Må ærleg sei at eg følte meg litt dum der eg satt å kikka på folk. Nesten som det hang et skilt over hovudet mitt der det sto: ”Eg ser på deg”. Eg håpar det blir annleis når me kjem i praksis, og folk vett at me er der for å observera.

Så blir det spennande å sjå korleis det er ute i lærarkvardagen, og å høyre kva andre observerar i løpet av veka på Skåredalen.

Eg meiner observasjon er utruleg viktig i kvardagen som lærar. Det er ikkje alltid så mykje som skal til, men kanskje skriva ned nokon ord i dagbok på slutten av skuledagen eller kanskje ha ei bok med ei side til kvar elev der ein kan skrive ned spesielle ting som bør bli huska. Dette kan vere til god hjelp medan anna i arbeidet med tilpassa opplæring. Har ein elevar som er tilknytta PPT er det også viktig med loggføring, for då skal ein kunne gå tilbake til konkrete situasjonar og sei kva som hende. Då hjelper det ikkje å sei at "eg trur det var ein gong i forgje veke at ...". Ellers er det jo greit å skrive ned undervisningstimar som har fungert godt, eller mindre godt, slik at ein betre huskar erfaringar som kan vere til hjelp seinare. 

Så korleis kan ein observera? Det finnes mången ulike måtar. Eg har jo nevnt loggføring og dagbok, men andre metodar som kan nevnast er videoobservasjon, intervju/samtale, praksisforteljing, rangeringsskala, sosiogram og innsamla materiale. 

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, kjende du deg "dum" då du observerte på Skåredalen, eller? Kva lærte du av observasjonspraksisen om born og om skulen?

Birgit :-)