Det var noko heilt anna å observera i praksis enn i kantina. Hovudsakeleg kanskje fordi elevane visste at me kom, og kva me skulle gjere.
Det var spanande å observera elevane. Korleis dei var med læraren og korleis dei var med kvarandre. Det virka som dei aller fleste hadde ein bra skulekvardag. Dei fleste var fornøgde, og jobba godt. Sjølv om det ikkje skal den store hendinga til for å få ein sjetteklasse til å miste all konsentrasjon.
Elevane gjekk stort sett i hettegenser, jentene kjøpte sine på WOW. Dei spelte fotball, lekte ”egget” med sprettball eller sprang rundt og lekte på haugen. Dei blei irriterte og krangle når ikkje alle fekk vere med i leiken, eller når nokon ikkje gjorde det dei skulle i gruppearbeidet. Dei jobba i timane, og likte best når undervisninga var variert. Dei likte og å lese på eigehand. Då var det heilt stilt i klasserommet.
Ein spesiell oppleving den veka var i ein matematikktime. Ei jente skjønte ikkje kva ho skulle gjere, men etter at eg hadde prata litt med ho og hjelpe henne gjekk plutselig lyset opp for ho. Eg trur me blei like glade begge to, og for meg blei det enda ein bekreftelse på at det er lærar eg vil bli.
torsdag 4. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar