Kanskje var me litt låst av at Birgit viste ein film som døme på fremføring. Me bestemte oss i hvert fall for å lage ein film. Me fekk låne heimkunnskapssalen på Frakkagjerd ungdomsskule og ein kamerat av meg hjalp oss med filminga. Me ville lage ein film som fekk fram dei teoriane me hadde valgt. Me valgte mat og helse fordi det er eit fag der ein lett kan ta inn andre fag. Til dømes matematikk og natur og miljø (ulike typar frukt og grønt, kvar dei kjem fra osv.) Samstundes som det er eit fag der eleven får gjere noko praktisk og prøva seg fram. Matematikk i matlaging refererar nok også betre til det episodiske minne enn om eleven skulle rekna liter og desiliter i ei matematikkbok. Samspelet mellom faga er likevel viktig.
Så kom framføringa. Eg hadde hatt jobben med å redigera filmen. Me hadde ca. 30 min film. Det var ingen enkel jobb å kutte ned, samstundes som alle poenga skulle væra med. Filmen blei nok litt lang, men me klarte å samkjøre power pointen og filmen innanfor 15 minuttar. At filmen var så lång at læraren som gav tilbakemelding mista konsentrasjon undervegs hadde eg verkelg ikkje trudd. For meg føltes det nesten litt ironisk at me hadde hatt om positiv tilbakemelding, den tilbakemeldinga me fekk etterpå tatt i betraktning...
Ellers var det mykje bra på framføringsdagen. Folk hadde jobba godt, og mykje kreative evner blant folk kom fram i framføringane. Spennande å sjå kor forskjellige teoriar folk hadde jobba med, sjølv om det folk hadde kome fram til var mykje det same, men i ulik innpakning! Trur det er mången gode, framtidige lærarar på kullet vårt! :)
Til slutt vil eg takke praksisgruppa mi; Ingrid, Line og Maria for veldig bra samarbeid. Dykk e ein knallbra gjeng!! :D
I ettertid har eg tenkt ein del på denne gruppeoppgåva, og på dei ulike læringsteoriane me kom fram til. Ein av årsakane var at eg brukte mykje dei same teoriane då eg skreiv oppgåva i matematikk og pedagogikk. Sjølv om me i gruppa jobba godt med oppgåva, har eg ikkje heilt følt at mitt pedagogiske grunnsyn har vore heilt i boks. Derfor har eg no brukt mykje tid på å lese og jobbe med dei ulike teoriane for å utarbeide mitt pedagogiske grunnsyn litt djupare.
Med eit pedagogisk grunnsyn meiner ein den virkelighetsoppfatning, dei kunnskapar, verdiar og holdningar som ligg til grunn for pedagogisk virksomhet. Ut i frå Lyngsnes og Rismark (2007) kan ein plassera dei ulike teoriane innanfor to grupper. Den tradisjonalistiske tenkninga og den progressivistiske tenkninga, sjølv om ein kan finna trekk ved nokon av teoriane i begge tenkningane. Det blir av Lyngsnes og Rismark understreka at det ikkje dreier seg om to didaktiske retningar som går under desse navna, men at det bare er ei gruppering for å skape ein oversikt. Læring handlar om at nokon blir undervist i noko. Tradisjonalismen vektleggjer noko, innhaldet i undervisninga, mens progressivismen rettar fokuset mot nokon, den som blir undervist. Ein kan ikkje sei at ein lærar er enten ein tradisjonalist eller ein progressivist, men ein kan sei at ein lærar heller meir i den eine retninga enn den andre.
Når eg tenkjer på dei ulike teoriane i forhold til kva eg sjølv meiner er det nokon faktorar eg tenkjer er viktigare enn andre. Eleven i fokus, tilpassa opplæring, utvikling av kunnskap på ein måte som er relevant for elevane, aktivitet/leik, omgivelsane sin påverkand på elevane (t.d. heim, samfunn, økonomi etc.), elevens tryggleik og sjølvoppfatning og fokus på den indre motivasjonen.
Det er eigentleg ganske fascinerande å lesa om dei ulike teoretikarane. Innanfor alle teoriane finnes det noko som er bra, men nokon teoriar meir spennande enn andre. Ein av desse er den sveitsiske konstruktivisten Piaget, og spesielt teorien hans om korleis mennesket organiserer kunnskapen i skjema. Lyngsnes og Rismark (2007) hadde eit godt eksempel med ein liten gut som fekk fortald at onkelen hans jobba på båt. Då guten skulle fortelje dette videre fortalde han at onkelen hadde kontoret sitt på ein båt. Årsaka var at foreldra jobba på kontort, og derfor tenkte guten at job var kontor. Då guten fekk forklaring på korleis jobben til onkelen var skjedde det ei utviding av skjema i forhold til kva jobb er. Dette blir kalla for akkomodasjon, ein justering av skjema slik at det passar overens med ny informasjon. I skulesamanheng kan denne teorien knyttast saman med å gje undervisning som er relevant for eleven. Det skjer ein utvikling av det eleven kan frå før, ved at eleven får høyre noko som ikkje stemmer overens med det eksisterande skjemaet. Eleven må då arbeide for å skape likevekt i skjema, eller tilføye nye skjema. Dette sett elevens læreforutsetningar i fokus for undervisinga, noko eg meiner er utruleg viktig.
Noko Piaget ikkje vektleggjer så mykje i sin teori er bruken av språket i lærings- og utviklingsprosessen. Dette førar meg over til russeren Vygotsky som høyrer til under dei sosiokulturelle perspektiva på læring. Imsen skriv at det gryende språket er byggesteiner for tenkningen, i følge Vygotskys teori. For det er nettopp det at barn etter hvert begynner "å snakke med seg sjøl" som gjør at erfaringer internaliseres som tenkning (Imsen, 2005:255).

Vygotsky har og mykje anna bra i sin teori, medan anna korleis samfunnet, altså menneskets levevilkår, påvirkar utvikling og tenkjemåte. Det er jo klart at dette har noko å sei.
Eg trur nok til dømes at utviklinga og tenkjemåten til Thomas vil vere annleis enn utviklinga til elevane på praksisskulen vår. Thomas er guten på bilete. Han møtte eg på ein skule i Kiberaslummen i Nairobi, då eg var i Kenya i februar 2006.
Der Piaget snakkar om skjema, snakkar Vygotsky om utviklingssonar. Den proksimale utviklingssone er kor långt der er muleg for eleven å gå, saman med læraren, i si utvikling. Den proksimale utviklingssonen utvidar seg etter kvart som eleven utviklar seg. Saman med læraren handlar om læraren skal vere eit støttande stillas i elevens utvikling, for eleven kan ikkje utvikle seg heilt på eiga hand. Eit døme er med eit lite barn som ser ein bil. Denne bilen blir av barnet kalla for "brum brum" heilt til nokon fortel barnet at det er ein bil. Då har barnet lært seg at denne "brum brummen" har navnet bil. Derfor er ikkje Vygotsky heilt framad for å lære barna formelle og vitenskapelege begrep, men at det må skje på rett måte. Eit støttande stillas kan og vere andre som har kome lengre i si utvikling enn eleven, og andre elevar.
Årsaka til at me tok med Vygotsky og tavleundervisinga er at han støttar opp om at læraren kan forklare eit saksforhold for ei samla gruppe, så lenge det er eit tankesamarbeid mellom læraren og elevane. Dette er noko me klart kunne ha utdjupt nærmare i framføringa.
Aktivitet og leik meiner eg og er utruleg viktig. Det er fleire som snakkar om dette, men her vil eg løfte fram amerikaneren John Dewey, og hans "learning by doing." Han løfter fram relasjonen mellom kunnskap og handling. Han meiner at skulen må lere barna det dei har bruk for, og at deira behov og interesser bør vere utgangspunktet for det som skal bli tatt opp. Han meiner og at skulen må jobbe for å skape vekst og nyskjerrighet, og bruka probleimløysning som ein metode. Kor godt dette kan fungere såg me då me gjennomførte eit undersøkelseslandskap ute i prakis. Dette var verkeleg spennande. Det finnes og utruleg månge andre måtar som elevane kan jobbe undersøkande på. Eit døme er jo Storyline, som eg har skrive om tidlegare i bloggen. I dette arbeidet er det viktig at læraren ikkje er passiv, men går aktivt inn som vegleiiar, og medundersøkjar! Litt tilbake til Vygotsky.
Alt i alt kan eg vel sei at mitt pedagogiske grunnsyn heller mest mot å vere eit progressivistisk grunnsyn, men likevel ikkje heilt. F.eks. måten Skinner snakkar om positiv tilbakemelding, og endring av åtferd er noko som eg syns er veldig bra! Dette innlegget er heller ikkje eit ferdig, grundig utarbeida overblikk over mitt pedagogiske grunnsyn, av den årsak at det ikkje er ferdig utvikla enda. I tillegg hadde det blitt eit veldig långt innlegg.
Kvifor det er viktig at me som kommande lærarar utviklar eit pedagogisk grunnsyn trur eg har samanhang med at det hjelp oss til å tenkje i gjennom kvifor me gjer det med gjer og meinar det me meinar. Det er ein ting å meine at det er viktig å ha eleven i fokus, men kvifor meiner eg det er viktig? Gjennom lesning av læringsteoriar lærer eg og mykje om korleis eg kan sette eleven i fokus.
Revidert veke 17.
1 kommentar:
hei;)
Jeg kan vel egenlti ikke si meg annet enn enig i det du skriver her Marinne! Vi i praksis gruppen arbeider godt ilag. Det virker også som om vi er enige i det meste og har mange like syn på forskjellige ting! Gruppa er knall.
Men for å være kritisk til en liten ting, del teksten litt opp. Det blir så vanskelig å lese en så lang sammenhengende tekst:)
Ingrid
Legg inn en kommentar