mandag 28. januar 2008

Born og nye medier

Dei fyrste vekene etter nyttår har tema vore born og nye medier. Det har vore interesant. To dagar var me ute i punktpraksis på praksisskulen. Den fyrste dagen observerte me då borna fekk læra å søka på nettet. Den andre dagen var det me i praksisgruppa som laga opplegget. Me valgte tema; nettvett. Me lagde ein film om ei jente som chatta på nettet med ein gut. Det endte med at dei avtalte å møtast, men guten var eigentleg ein 58 år gammal mann.

I planlegginga av denne økta snakka me om ulike ting me som kunne vere aktuelle å ta opp, men me valgte nettvett fordi me var einige om at dette var grunnleggjande og sentralt i forhold til all anna nettaktivitet. Den første punktpraksisdagen såg me og at fleire av elevane hadde nettsider der dei hadde lagt ut navn, alder, bosted etc. ope for alle og ein kvar. Derfor lagde me filmen som handla om at ikkje alle personar som ein kjem i kontakt med på nettet er som dei gjer seg ut for å vere. 

Så kom me te skulen, var spent på korleis det skulle gå med opplegget. Tenkte på om kanskje ungane berre kom til å le av oss på filmen, vite alt me visste om frå før e.lig. Men sånn vart det ikkje. Ungane likte filmen, begge klassane spurde om dei kunne sjå den ein gong til. Dei visste heller ikkje mykje om nettvett. Me lærte dei om bilder på nettet, om kva ein kan sei til den ein chattar med og ikkje og til slutt tok dei nokre testar på www.saftonline.no om nettvett.

Gjennomføringa av dagen gjekk greit, bortsett frå at fleire av dei bærbare pcane te skulen ikkje hadde flash installert. Me måtte derfor ta testen i fellesskap, i staden for at borna jobba i små gruppe på pcane.

Noko eg i alle fall har lært desse vekene er at ungar kan alt for lite om nettvett, og at dette må snakkast mykje meir om ute i skulane. Satsar på å få høve til dette både ute i praksis og som framtidig lærar.

Ellers gjorde me og ein del andre ting på skulen i forbindelse med dette tema, blant anna prøvde me oss på ulike programmer som ligg gratis på nettet. Me lagde små animasjonar, og teikneseriar. Bra program som ein kan bruke i ulike skulesamanhengar. T.d. om elevane skal laga presentasjonar e.lig. 

Me fekk og sjå ulike sider som handlar om nettvett. Redd barna, SAFT og barnevakten er berre nokon av dei som har laga informasjon om nettvett. Nokon av sidene har og ferdige undervisingsopplegg til bruk i skulen. Fleire av disse sidene henta me informasjon frå då me skulle lage vårt opplegg om nettvett til punktpraksisen. 

Eit anna viktig tema som me var inne på er dette med "fusk og fanteri." Det er veldig lett og berre høgreklikke og laste ned eit fint og passande bilete frå nettet, men det er faktisk ikkje lov. Det skjønner eg veldig godt, og som hobbyfotograf har eg full forståelse for kor frustrerande dette må vere for den som har tatt bilete. Ofte kan det vere at fotografen ikkje har noko imot at bilete blir brukt, men det kan ein jo ikkje vite før ein har spurt. Som regel er det ikkje så vanskeleg å finne e-postadressa til fotografen på sida. Musikk er og noko som mange lastar ned. Dette er og ulovleg, og det er eg så einig med. For at ein skal kunne lage meir musikk er artistane avhengig av at nokon kjøpar musikken deira, og ikkje berre at folk stjel den frå eit fildelingsprogram. Sjølv brukar eg ofte iTunes når eg kjøp musikk, då kan eg på lovleg vis kjøpe berre ein song frå ein cd om eg vil. 8 kroner er heller ikkje noko uoverkommeleg sum. 

Det er viktig at barn lærer kva som er lov og ikkje er lov, og kva som er lurt og ikkje lurt når det handlar om Internett. Gje dei eit sunt nettvett!! :) 

Revidert veke 17.

onsdag 2. januar 2008

Godt nyttår!! :)

Ville bare ynskje dykk alle saman eit godt nytt år! Håpar alle har hatt ein fin ferie! :)
Har vore godt med ein lang ferie før ein travel skolevår. 

Må sei den siste veka på skulen var eit godt bidrag til julesteminga. Med laging av pepperkakehus og juleprosjekt i drama. Det vart ein spennande framføringsdag, mykje flotte innslag. Her er eit bilete frå framføringa vår. 
Me hadde det i alle fall gøy i lag! :) 

mandag 3. desember 2007

Animasjon og behandling av bilete

I dag hadde me ein fantastisk dag på datalaben. Photoshop - både behandling av bilete, og animasjonar! Eg storkoste meg. I tillegg er eg i fyrste omgång ferdig med oppgåva i pedagogikk og matematikk frå praksis. Trur animasjonen min visar litt korleis eg følar meg no. Så eg håpar bare at ho dansar og! :)
------------------------------------------------
Fekk god hjelp av Birgit, så no dansar ho endeleg. 
Me fekk ei oppgåve tilknytta behandling av bilete og. 
I løpet av juleferien skulle me laga ein collage. 
Eg såg dette som ein god grunn til å endeleg kjøpe photoshop til macen min! :) 








Ein kald dag i juleferien drog eg storebror ut på tur for å ta bilete rundt om i Haugesund. Fann ut at eg ville laga ein collage med tema frå byen eg er så veldig glad i. I tillegg la eg inn litt bilete av nokre venner av meg frå cupfinalen i Oslo for å få inn litt god FK Haugesund - stemning i collagen min. :) Her er resultatet: 




Denne typen kunnskap er det bra å ha med seg ut i skulekvardagen. Medan anna skal elevane i løpet av mellomtrinnet gjennomføra eit animasjonsprosjekt. Noko me fekk vere med på ute i praksis. IKT har fått sin faste plass i skulen, og eg reknar med at det ikkje vert mindre av det i framtida. Derfor er det viktig og kjemperelevant med undervisning som dette. 

Ein ting er kva me skal lære elevane videre i arbeidet med IKT, men det er og utruleg mykje me som lærarar kan bruke desse teknologiske hjelpmidla til. Eit døme er jo alle dei spennande animasjonane og presentasjonane me kan laga til bruk i undervisning om ulike tema. 
Revidert veke 17.

mandag 26. november 2007

Planlegging - Praksis - Evaluering

PLANLEGGING
Den siste timen me hadde på høgskulen før me gjekk ut i praksis handla om planlegging. Det vart mykje informasjon på ein gong. Heile planlegginga virka litt vanskeleg, med skjema alt skulle settes inn i og alt som skulle tenkast i gjennom. Etter denne økta samla me oss i praksisgruppa og byrja planlegginga av undervisning til praksis. Då brukte med diamantskjemaet aktivt.

Diamantskjemaet er eit genialt redskap for planlegging av undervisning, og til å reflektere over gjennomført undervisning i etterkant. Korleis ein lærar planlegg undervisinga virkar inn på kva eleven lærer. Ei godt planlagt undervisingsøkt reduserer usikkerheten for ein lærar, fordi ein veit kva som skal gjerast. Samstundes er det viktig å ta med seg ein god dose fleksibilitet, for i arbeidet med elevar veit ein aldri kva som kan som kan hende. Eit døme på dette har eg frå praksis, då eg skulle ha naturfag med elevane. På diamantskjemaet hadde eg satt av ti minuttar til gjennomgang av lekser, men elevane var så interessert i det me snakka om at tida gjekk langt over ti minuttar. Eg blei litt stressa, og prøvde å avslutte for å koma meg vidare i programmet mitt. Tilbakemeldingen frå praksislærar var då at eg ikkje måtte vere redd for å legge til side planane mine, for så lenge ein har elevane med seg så lærer dei. Ein god erfaring å ta med seg videre. 

Diamantens eigentlege navn er den didaktiske relasjonsmodell. Den er forma som ein diamant med den hensikt å vise kor samansatt og mangfoldig didaktisk virksomhet er, med fleire ulike forhold som griper i kvarandre. Ein anna hensikt med å plassera dei ulike teoriane i ein diamant er for å vise at dei er likestilt i forhold til kvarandre. Alle like viktige for ei godt planlagt undervisninsøkt. Bjørndal og Lieberg utviklet den didaktiske relasjonsmodellen som ein videreføring av tenkningen til Heimann og Schulz.

Dei seks kategoriane i den didaktiske relasjonsmodellen er (Lyngsnes og Rismark:2007): 
  1. Læreforutsetningar: Ein lærer er nødt til å ha kjennskap til elevane sine forutsetningar. Kvar elev har ulike forventningar, kunnskaper, erfaringar, evner og heimebakgrunn. For at eleven skal ha eit læringsutbytte må læreren tenke gjennom disse når han eller ho planlegg undervising. Læreren er nødt til å møte elevane der dei der. Nokon gonger kan det til og med vere andre forhold som overskygger dei faglege. Kva om ein elev har ligge våken om natta og høyrt på foreldrene som har krangla, då er det ingen enkel sak å jobbe på skolen, sjølv om oppgåva er spesielt tilpassa elevens nivå. Det er utruleg viktig at læraren jobbar for å skape eit godt forhold mellom seg sjølv og elevane, at elevane følar at dei har anerkjennelse og respekt for seg og sitt. Ein anna ting læraren må huska på er at elevens læreforutsetningar forandrar seg heile tida etter kvart som elevane lærer meir og utviklar seg. 
  2. Rammefaktorar: Det er mange rammefaktorar som speler inn i ein lærers kvardag. Døme på rammefaktorar er tid, utstyr, lærebøker og lokalmiljøet. Rammefaktorane påvirkar undervisninga på ulike måtar. Tida begrenser, lokalmijløet åpnar for ekskursjonar i forbindelse med bestemte tema og skulens økonomi og utstyr har mykje å sei for kva ein faktisk kan gjennomføre og ikkje. Eg vil sei at det er viktig for ein lærer å ta rammefaktorane som dei er, tenkje kreativt og gjere det beste ut av det. Det er ikkje alltid at det skal så mykje til for å gjere undervisinga mykje meir spennande. Her kan eg og ta med eit døme frå praksis. Maria og eg skulle undervise om Sabbaten i jødedommen. Me fann ei oppskrift på sabbatsbrød som me baka heime kvelden før, tok med ein kvit duk og to kvite lys. Dette var ikkje mykje jobb og ikkje vart det dyrt heller, men undervisinga blei så mykje betre og elevane var kjempeinteressert. 
  3. Mål: At ein lærar kan tenka at målet for undervisinga er nådd når alt planlagt pensum er gjennomgått, er feil og eg vil sei nesten litt farlig. Årsaka til det er at det er elevens læringsutbytte som skal ha fokus. Har eleven lært, er målet nådd. Meiningsfylte mål har elevens læring i fokus. Dette understreker Vygotskijs læringsteorier. I hans teori står elevens læring sentralt. Det eleven kan nå i sin nærmeste utviklingssone, det må bestemme målene. Målene handlar ikkje berre om kva slags kunnskap eleven skal få inn, men og om ferdighetar og holdningar. Eg meiner det er viktig å ha ein god balanse mellom kva eleven skal lære, og korleis eleven skal lære. Fokus på både prosess og resultat. 
  4. Innhold: Kva dreier arbeidet i skulen seg om, det er innholdet. For at eleven skal få ei tilrettelagt undervising er det viktig at innholdet er tilrettelagt, på same måte som måla. 
  5. Læringsaktivitetar: Eg skulle ynskje det fantes ein "Opplæringens ABC" der det stod om kva slags måte det er best å underviske det bestemte temaet på, men noko slikt finnes ikkje. Derimot finnes det over 70 ulike læringsmodellar, t.d. individuelt arbeid, samarbeidslæring, prosjektarbeid etc. Ein liten hjelp for meg var det i hvert fall å lese om kva desse modellane har til felles, nemleg at: ei kartleggjing av elevens læringsstil og ei undervisning tilpasset denne vil vere ein optimal opplæring (Lyngsnes og Rismark:2007, s.99). Det finnes eit sett utarbeida prinsipp som kan hjelpe læraren til å fokusere på eleven i planlegginga av undervisinga. Desse er (Lyngsnes og Rismark:2007): motivere, aktivisere, konkretisere, variere, individualisere, samarbeide. Ein huskeregel er: MAKVIS. Eg ser på desse prinsippa som geniale og viktige. Eit døme er jo som eg nevnte tidligare, om då me brukte gjenstander frå sabbaten til konkretisering. Fleire gånger har eg høyrt eit sitat som er noko slikt: Eg høyrer og eg gløymer. Eg ser og eg husker. Eg gjer og eg forstår. Huskar ikkje konkret kor det kjem i frå, men viktigt er det uansett, eg trur for eksempel aldri elevane på Skåredalen skule kjem til å gløyme korleis eit Sabbatsbrød smakar, og det vil nok ikkje eg heller. Litt uvant med sitronskal innbakt i brøddeig. 
  6. Vurdering: Lyngsnes og Rismark (2007) har tatt med nokre punkt om vurderingens formål. Eg tykkjer desse sa kort og greit om vurderingens hensikt. Derfor har eg valt å ta dei med slik dei med slik dei stod i boka. Vurdering skal: 
  • fremma læring og utvikling hjå den enkelte elev. 
  • virka veiledande og motiverande for innsats og fremma ynskje om å bruka evne og anlegg. 
  • stimulera eleven til å vere aktiv og utvikle evne til å ta medansvar for å vurdere eige arbeid.
  • gje eleven tilbakemelding og oppfølging i forhold til arbeidsprosess og resultat. 
  • dokumentera den kompetansen eleven har oppnådd. 
  • gje eleven og foreldra tilbakemelding om elevens framgang. 
  • hjelpe lærarar og skulen til å forbetre opplæringa og tilpasse den til elevens behov. 
Så vurdering er så mykje meir enn bare karakterar!! :) 

Eg trur virkeleg at eg kjem til å få mykje bruk for, og mykje god hjelp frå den didaktiske relasjonsmodellen i framtidige praksisperiodar, og når eg ein gong i framtida er ferdig utdanna, men långt i frå ferdig utlærd lærar. 


PRAKSIS
Så var praksis i gong, og me møtte opp på Skåredalen med utfylte diamantskjema til dei timane me hadde klare. Etter kvart i praksisperioden blei diamantskjemaet eit kjempebra hjelpemiddel når timar skulle planleggast. Det tok bare litt tid å bli kjent med det. Eg syntes det er genialt fordi kvar av punkta gjer at ein sørger for at ein har tenkt igjennom alt til timen. Kva skal ein gjere, kva er måla for det ein skal gjere, korleis skal ein organisera gruppa, kva treng ein av utstyr, korleis skal dei ulike læringsaktivitetane gjennomførast etc. 

Det vart ein spennande praksisperiode. Fekk verkeleg prøvd oss som lærarar denne gongen. 
Me starta rett på med gjennomføringa av undervisningslandskapet i matematikk. Elevane lagde tredimensjonale kubar. Dei skulle sjølv finne ut korleis dei skulle plassere seks kvadrat i forhold til kvarandre, som etterpå, samanhengande, skulle klippast ut og brettast til ein kube. Kubene brukte dei som terningar i eit koordinatspel etterpå. Det var spennande å observera elevane i dette arbeidet. Noko av det eg la merke til i gjennomføringa var korleis dei ulike elevane gjennomførte opplegget, det var nemleg ofte dei elevane som blir rekna som dei sterkaste som sleit mest med undersøkelseslandskapet. Kanskje dei sleit med å ikkje ha ei konkret løysning å arbeide mot, mens dei svakare elevane likte nettopp å arbeide mot ei eiga løysning? Her er eit døme på korleis ein kan bruka ulike arbeidsmåtar for å legge opp opplegg for at fleire elevar skal få undervisninga best muleg tilpassa sitt nivå og sin arbeidsmåte.

I norsken hadde me om fantasy i praksisperioden. Det gjekk mykje i Harry Potter. I løpet av perioden fekk elevene i oppgåve å skrive ein eigen fantasyhistorie der dei skulle få med dei typiske kjennetekna for denne sjangaren. Midt i skriveprosessen satt ein gut i klassen og sa han var ferdig og ikkje orka å skriva meir. Han hadde skreve ein grei historie, men den var litt kort og lite beskrivelsar. Han burde absolutt jobbe meir med den, men korleis skulle eg motivere han? Eg las i gjennom historia hans. Han hadde skreve om ein drage, men ikkje noko om korleis han såg ut. Eg spurde guten korleis dragen i historien hans såg ut. Guten lyste opp og begynte å fortelja om dragen, om dei store tenna og dei skarpe piggane på ryggen. Eg spurde kvifor han ikkje ville at lesarane av historien hans skulle få vite at denne dragen var så skummel, han tenkte litt, så byrja han att med skrivinga på historien. 

Etter at timane var gjennomført var diamantskjemaet eit godt hjelpemiddel. Då kunne me gå i gjennom del for del, og det var lettare å få oversikten på kva som gjekk bra og kva som ikkje gjekk så bra. Kanskje treng eg ikkje noko skjema når eg ein gong i framtida har planlagt så mången timar at det heile går automatisk, men før eg er der må eg sei: Hurra for diamantskjema! ;)












Det er veldig lærerikt å vere ute i praksis og eg gler meg til neste periode. Når me får sett og prøvd ut teorien me lærer på skulen gjer det heile litt mer meining. 

Mitt mål for denne praksisperioden var å få innblikk og erfaring i korleis læraryrket fungerer. Det vil eg verkeleg sei at eg fekk. Me var i ein aktiv og uroleg klasse, men likevel var det ein fantastisk gjeng med elevar. Utfordringa med å vere i denne klassen ga meg eit skikkelig innblikk i kor utfordrande læraryrket er, både med det faglige og det sosiale arbeidet. Me fekk prøvd oss i undervisning, noko som var spennande og ga mersmak. Samstundes som forbetringspotensialet var stort. Ei av dei største utfordringane var å vere bestemt nok. Finne ein måte å vere tydeleg og bestemt vaksen, uten å berre kjefte på elevane. Det gjekk betre og betre etter kvart, og me får jo mykje meir trening i dette vidare i utdanninga. 

Gjennomføringa av timane gjekk greit. Dette var vår fyrste periode, og litt nervøsitet gjorde nok at timane blei planlagt særs godt. For å sørgje for at me hadde alt under kontroll, brukte me dei ulike felta på diamantskjemaet. Tilbakemeldingane me fekk frå øvingslærar var stort sett også gode, sjølv om det alltiv var ting som kunne vært gjort annleis. Me er jo tross alt bare fyrsteårsstudentar.

Det var verkeleg spennande å få erfaringar med læraryrket. Både i planlegging, undervising, stå foran ein samla klasse og i møtet med den enkelte elev. Mången gode erfaringar som eg skal ta med meg videre, og som skal videreutviklast. 

EVALUERING
Evalueringa av denne praksisperioden gjorde me på ein veldig koseleg måte. Me møtte opp på skulen, før me kjøyrde heim til Birgit. Der gjekk me først ein tur i skogen. Ein veldig bra måte å bli betre kjent med folk på. Det var til og med litt snø i skogen, noko som ikkje er kvar dag me opplev her på dette våte vestland. 

Etter skogsturen gjekk me heim til Birgit. Der fekk me varme vafler, mens praten gjekk om praksisperioden. Spennande å høyre dei andre sine opplevingar av perioden, spesielt dei frå den andre klassen som hadde vore på Langeland. Utveksling av erfaringar er alltid bra, for me kan lære mykje av kvarandre!! 
Revidert veke 17.

mandag 29. oktober 2007

Repetisjonsdag

Pedagogikktimane i dag var bra å få med seg. Etter å ha lest om læringsteoriane var det greit å få trukket ut det viktigste frå dei ulike, og få et overblikk over dem. Bra at Birgit skreiv det på tavla etter kvart. Då var det lettere å få overblikket, ta notater og følgje med. 
Ellers var det også veldig greit med en gjennomgang av dokumentbehandling i word. Har skrevet nokre oppgåver på høgskulenivå før, men ein repitisjon er jo alltid bra!! :) Så nå blir det spennende å sette i gang med matematikkoppgåva. Praksisgruppa mi skal jobbe med geometri i neste praksisperiode, så no er det berre å sette i gong å lage eit undersøkelseslandskap der elevene kan tilegne seg mer kunnskap om vinkler, firkanter, sirkler og andre målbare objekt.

Skrivinga av matematikk pedagogikkoppgåva gjekk greit, men på tilbakemeldinga var det ein god del å rette opp. Dette er jo ein bra måte å læra på, gjennom vegleiing og vurdering. 

Fila som blei lagt ut av Birgir etter økta er eit veldig bra hjelpemiddel. Sjølv syns eg at læringsteoriane kan bli litt mykje og forvirrande, men her kan eg lese om dei ulike og få oversikten, etterpå kan eg lese meir forjupande i pensumlitteraturen. 
Revidert veke 17.



onsdag 24. oktober 2007

Gruppeoppgåve i pedagogikk

Å jobbe med alle dei ulike læringsteoriane har vore ein spennande prosess. Gruppearbeidet har gått kjempefint i gruppa vår. Me starta med å fordele pensum. Brukte eit par dagar på å lese gjennom og skriva samandrag. Torsdagen møttes me og fortalde kvarandre om det me hadde lest i pensum. Etterpå diskuterte me kva for teoriar me ville jobbe meir med. Det blei ikkje noko stor diskusjon, for me var einige om det meste. Me tok med John Dewey og hans "learning by doing", Skinner om viktigheiten av positive tilbakemeldingar og mykje ros og Vygotsky om kor viktig det er å forstå eleven i lys av fortid og omgivelsar, men og utviklingspotensialet eleven har i seg. Me tok og med Vygotsky fordi han støttar opp om tavleundervisning. At eleven får ting demonstrert før han prøvar det ut på eiga hand. Det er viktig for forståinga til eleven. Me tok og med Endel Tulving og hans vektlegging av kor viktig det er at undervsininga refererar til elevens episodiske minne, altså at den har ein personleg referanse til eleven. Eit døme er jo om ein elev skulle rekne ut farten til eit fly i forhold til avstand er det betre å rekne ut flyets hastighet frå Haugesund til Oslo, en frå Sydney til Melbourne. Årsaken er jo at eleven mest sannsynleg vil fly frå Haugesund til Oslo oftare. Under flyturen er sjangsen stor for at han vil tenkje på denne matematikkoppgåva, repetere den og hugse den betre. Personleg relevans.

Kanskje var me litt låst av at Birgit viste ein film som døme på fremføring. Me bestemte oss i hvert fall for å lage ein film. Me fekk låne heimkunnskapssalen på Frakkagjerd ungdomsskule og ein kamerat av meg hjalp oss med filminga. Me ville lage ein film som fekk fram dei teoriane me hadde valgt. Me valgte mat og helse fordi det er eit fag der ein lett kan ta inn andre fag. Til dømes matematikk og natur og miljø (ulike typar frukt og grønt, kvar dei kjem fra osv.) Samstundes som det er eit fag der eleven får gjere noko praktisk og prøva seg fram. Matematikk i matlaging refererar nok også betre til det episodiske minne enn om eleven skulle rekna liter og desiliter i ei matematikkbok. Samspelet mellom faga er likevel viktig.

Så kom framføringa. Eg hadde hatt jobben med å redigera filmen. Me hadde ca. 30 min film. Det var ingen enkel jobb å kutte ned, samstundes som alle poenga skulle væra med. Filmen blei nok litt lang, men me klarte å samkjøre power pointen og filmen innanfor 15 minuttar. At filmen var så lång at læraren som gav tilbakemelding mista konsentrasjon undervegs hadde eg verkelg ikkje trudd. For meg føltes det nesten litt ironisk at me hadde hatt om positiv tilbakemelding, den tilbakemeldinga me fekk etterpå tatt i betraktning...
Ellers var det mykje bra på framføringsdagen. Folk hadde jobba godt, og mykje kreative evner blant folk kom fram i framføringane. Spennande å sjå kor forskjellige teoriar folk hadde jobba med, sjølv om det folk hadde kome fram til var mykje det same, men i ulik innpakning! Trur det er mången gode, framtidige lærarar på kullet vårt! :)

Til slutt vil eg takke praksisgruppa mi; Ingrid, Line og Maria for veldig bra samarbeid. Dykk e ein knallbra gjeng!! :D

I ettertid har eg tenkt ein del på denne gruppeoppgåva, og på dei ulike læringsteoriane me kom fram til. Ein av årsakane var at eg brukte mykje dei same teoriane då eg skreiv oppgåva i matematikk og pedagogikk. Sjølv om me i gruppa jobba godt med oppgåva, har eg ikkje heilt følt at mitt pedagogiske grunnsyn har vore heilt i boks. Derfor har eg no brukt mykje tid på å lese og jobbe med dei ulike teoriane for å utarbeide mitt pedagogiske grunnsyn litt djupare. 

Med eit pedagogisk grunnsyn meiner ein den virkelighetsoppfatning, dei kunnskapar, verdiar og holdningar som ligg til grunn for pedagogisk virksomhet. Ut i frå Lyngsnes og Rismark (2007) kan ein plassera dei ulike teoriane innanfor to grupper. Den tradisjonalistiske tenkninga og den progressivistiske tenkninga, sjølv om ein kan finna trekk ved nokon av teoriane i begge tenkningane. Det blir av Lyngsnes og Rismark understreka at det ikkje dreier seg om to didaktiske retningar som går under desse navna, men at det bare er ei gruppering for å skape ein oversikt. Læring handlar om at nokon blir undervist i noko. Tradisjonalismen vektleggjer noko, innhaldet i undervisninga, mens progressivismen rettar fokuset mot nokon, den som blir undervist. Ein kan ikkje sei at ein lærar er enten ein tradisjonalist eller ein progressivist, men ein kan sei at ein lærar heller meir i den eine retninga enn den andre. 

Når eg tenkjer på dei ulike teoriane i forhold til kva eg sjølv meiner er det nokon faktorar eg tenkjer er viktigare enn andre. Eleven i fokus, tilpassa opplæring, utvikling av kunnskap på ein måte som er relevant for elevane, aktivitet/leik, omgivelsane sin påverkand på elevane (t.d. heim, samfunn, økonomi etc.), elevens tryggleik og sjølvoppfatning og fokus på den indre motivasjonen. 

Det er eigentleg ganske fascinerande å lesa om dei ulike teoretikarane. Innanfor alle teoriane finnes det noko som er bra, men nokon teoriar meir spennande enn andre. Ein av desse er den sveitsiske konstruktivisten Piaget, og spesielt teorien hans om korleis mennesket organiserer kunnskapen i skjema. Lyngsnes og Rismark (2007) hadde eit godt eksempel med ein liten gut som fekk fortald at onkelen hans jobba på båt. Då guten skulle fortelje dette videre fortalde han at onkelen hadde kontoret sitt på ein båt. Årsaka var at foreldra jobba på kontort, og derfor tenkte guten at job var kontor. Då guten fekk forklaring på korleis jobben til onkelen var skjedde det ei utviding av skjema i forhold til kva jobb er. Dette blir kalla for akkomodasjon, ein justering av skjema slik at det passar overens med ny informasjon. I skulesamanheng kan denne teorien knyttast saman med å gje undervisning som er relevant for eleven. Det skjer ein utvikling av det eleven kan frå før, ved at eleven får høyre noko som ikkje stemmer overens med det eksisterande skjemaet. Eleven må då arbeide for å skape likevekt i skjema, eller tilføye nye skjema. Dette sett elevens læreforutsetningar i fokus for undervisinga, noko eg meiner er utruleg viktig. 

Noko Piaget ikkje vektleggjer så mykje i sin teori er bruken av språket i lærings- og utviklingsprosessen. Dette førar meg over til russeren Vygotsky som høyrer til under dei sosiokulturelle perspektiva på læring. Imsen skriv at det gryende språket er byggesteiner for tenkningen, i følge Vygotskys teori. For det er nettopp det at barn etter hvert begynner "å snakke med seg sjøl" som gjør at erfaringer internaliseres som tenkning (Imsen, 2005:255). 

Vygotsky har og mykje anna bra i sin teori, medan anna korleis samfunnet, altså menneskets levevilkår, påvirkar utvikling og tenkjemåte. Det er jo klart at dette har noko å sei. 


Eg trur nok til dømes at utviklinga og tenkjemåten til Thomas vil vere annleis enn utviklinga til elevane på praksisskulen vår. Thomas er guten på bilete. Han møtte eg på ein skule i Kiberaslummen i Nairobi, då eg var i Kenya i februar 2006. 




Der Piaget snakkar om skjema, snakkar Vygotsky om utviklingssonar. Den proksimale utviklingssone er kor långt der er muleg for eleven å gå, saman med læraren, i si utvikling. Den proksimale utviklingssonen utvidar seg etter kvart som eleven utviklar seg. Saman med læraren handlar om læraren skal vere eit støttande stillas i elevens utvikling, for eleven kan ikkje utvikle seg heilt på eiga hand. Eit døme er med eit lite barn som ser ein bil. Denne bilen blir av barnet kalla for "brum brum" heilt til nokon fortel barnet at det er ein bil. Då har barnet lært seg at denne "brum brummen" har navnet bil. Derfor er ikkje Vygotsky heilt framad for å lære barna formelle og vitenskapelege begrep, men at det må skje på rett måte. Eit støttande stillas kan og vere andre som har kome lengre i si utvikling enn eleven, og andre elevar. 

Årsaka til at me tok med Vygotsky og tavleundervisinga er at han støttar opp om at læraren kan forklare eit saksforhold for ei samla gruppe, så lenge det er eit tankesamarbeid mellom læraren og elevane. Dette er noko me klart kunne ha utdjupt nærmare i framføringa. 

Aktivitet og leik meiner eg og er utruleg viktig. Det er fleire som snakkar om dette, men her vil eg løfte fram amerikaneren John Dewey, og hans "learning by doing." Han løfter fram relasjonen mellom kunnskap og handling. Han meiner at skulen må lere barna det dei har bruk for, og at deira behov og interesser bør vere utgangspunktet for det som skal bli tatt opp. Han meiner og at skulen må jobbe for å skape vekst og nyskjerrighet, og bruka probleimløysning som ein metode. Kor godt dette kan fungere såg me då me gjennomførte eit undersøkelseslandskap ute i prakis. Dette var verkeleg spennande. Det finnes og utruleg månge andre måtar som elevane kan jobbe undersøkande på. Eit døme er jo Storyline, som eg har skrive om tidlegare i bloggen. I dette arbeidet er det viktig at læraren ikkje er passiv, men går aktivt inn som vegleiiar, og medundersøkjar! Litt tilbake til Vygotsky. 

Alt i alt kan eg vel sei at mitt pedagogiske grunnsyn heller mest mot å vere eit progressivistisk grunnsyn, men likevel ikkje heilt. F.eks. måten Skinner snakkar om positiv tilbakemelding, og endring av åtferd er noko som eg syns er veldig bra! Dette innlegget er heller ikkje eit ferdig, grundig utarbeida overblikk over mitt pedagogiske grunnsyn, av den årsak at det ikkje er ferdig utvikla enda. I tillegg hadde det blitt eit veldig långt innlegg. 

Kvifor det er viktig at me som kommande lærarar utviklar eit pedagogisk grunnsyn trur eg har samanhang med at det hjelp oss til å tenkje i gjennom kvifor me gjer det med gjer og meinar det me meinar. Det er ein ting å meine at det er viktig å ha eleven i fokus, men kvifor meiner eg det er viktig? Gjennom lesning av læringsteoriar lærer eg og mykje om korleis eg kan sette eleven i fokus. 

Revidert veke 17.



torsdag 4. oktober 2007

Å leia basisgruppa

Det var ein bra start på skulen denne dagen! Det stod telys i heile klasserommet, noko som ga ein go og varm stemning for trøtte og småkalde pendlarar frå Haugesund. Det Birgit gjorde er eit bra døme på korleis me kan starta ein dag for elevane. Det er ikkje alltid så mykje som skal til. At læraren står i døra og ynskjer alle velkomen på skulen betyr nok mykje for elevane. Om læraren då og seier navnet til kvar enkelt elev har alle elevane fått høyre navnet sitt frå læraren før fyrste time er ferdig. Det å få høyre navnet sitt frå læraren kvar dag betyr visst mykje for elevane har eg høyrt.

For oss som skal bli lærarar i dag har me ein utfordrande elevflokk å forholda oss til. Generasjonen som kommuniserar med kvarandre via mobil under pulten i timen, eller kanskje midt i undervisninga finn ut at det er på tide å mata det elektroniske kjæledyret sitt. Elevar er kjappe til å læra seg alt som er nytt, og her har med som lærarar sanneleg ein utfordring. I denne jungelen av teknologiske duppedyttar er det utruleg mykje bra som kan vera til hjelp i vår undervisningskvardag om me berre tek oss tid til å leita litt. Kanskje hjelp til andre ting enn ein ”forbetra” elevsamtale og.

I denne tid full av forsking har dei og endeleg funne ut kor viktig det er for bornas læring at skulen ser bra ut. Dette såg eg sjølv og då me hadde praksis på Skåredalen skule. Skulen hadde veldig fine område, både ute og inne. Her kunne barna læra, leka og trivast. Spesielt haugane utanfor skulen var flotte. Her var det tydeleg at barna hadde det morosamt.








Tanken på kor mykje makt me som lærarar vil få er nesten ein skremmande tanke. Samtidig som ein kan bli inspirert til å tenkje at ein skal få væra med å forma morgondagens vaksne samfunnsborgarar veit ein jo at det er ikkje alle dagar det er eit like enkelt fokus å halde. Det kan væra fort gjort å sei noko feil, eller dømme litt kjapt i ein situasjon. Eg hugsar frå min eigen skulekvardag på ungdomsskulen då gymlæraren min spurte om eg ikkje var heilt som eg skulle væra fordi eg gjorde ein liten feil i ballspelet. Dette var sikkert ikkje noko ho hadde planlagt å spørja meg om i lengre tid, men likevel satt det spor i ein trettenåring. Små ting ein kan gjere som ein kanskje ikkje tenkjer over i ettertid, men som kan ha satt djupe spor i eit barnesinn. Noko som eg trur kan væra utruleg viktig for ein lærar er den daglige loggen. Tenkje over kva som har skjedd, og korleis ein har handla i dei ulike situasjonane.

Å skrive ein logg for lærarkvardagen er nok også lurt i høve til elevane våre. Då kan ein bli oppmerksam på små ting som gjentar seg blant elevane. Det kan handla om barn som blir misbrukt, omsorgssvikt, mobbing pluss så mykje meir. Eg håpar verkeleg at den norske skulen kan bli ein skule utan mobbing. At Kjell Mange Bondeviks zero mål kan bli nådd ein dag. Det var heilt forferdeleg å sjå filmen frå Bergen. Stakkars gut. Ingen elevar burde ha ein slik skulekvardag. Då me var i praksis var me med lærarane på skulen på et Olweus – møte. Der gjekk dei i gjennom elevundersøkinga frå den skulen. Den viste at det var få elevar som blei mobba på skulen, men som rektoren sa: ”Eg er ikkje fornøgd før talet er null elevar som skriv at dei blir mobba her på skulen. Ein mobba elev er ein for mykje.”

Eg håpar at eg som lærar kan bidra til elevane får ein bra skulekvardag. Det er viktig at elevane får tilstrekkeleg med kunnskap, men og at dei får tilstrekkeleg med omsorg. Eg håpar eg kan bety noko for at alle har det bra både kunnskapsmessig og sosialt der eg jobbar.

Læraryrket er, som nevnt tidlegare i bloggen, så mykje meir enn bare å undervise. Som lærer skal ein sørgje for at elevane lærer det dei skal, ikkje bare er tilstades i timane der det blir undervist. 

For at elevane skal lære er det viktig å fremme eit godt og trygt læringsmiljø. Dette trur eg må vere ei utruleg stor og utfordrande oppgåve. Kanskje har ein 25 elevar som lærer på heilt forskjellige måtar. Nokon elevar kan vere djupt konsentert om det dei gjer, mens det stormar rundt dei, mens andre mistar all konsentrasjon av ein ørliten forstyrrelse. Nokon likar best å jobbe i lag med andre, mens andre likar seg best aleine. Korleis kan ein få eit godt læringsmiljø, der alle desse forskjellige typane elevar kan lære? Uten at eg kan gje noko fasitsvar på dette, trur eg det handlar om å skape eit variert miljø. Kanskje muligheten for nokon elevar å samarbeide på eit grupperom, mens andre kan sitte å jobbe meir for seg sjølv i klasserommet. Skulane i dag satsar meir og meir på åpne løysningar, der elevane kan finne sin måte å arbeide på. Likevel er det viktig at elevar som likar best å jobba aleine får trening i samarbeid og motsatt. 

Ein anna ting som eg trur eg utruleg viktig er at læraren er engasjert i det som blir undervist, at læraren klarer å vere nyskjerrig i lag med elevane. Dermed får elevane følelsen av at læraren er like interessert som dei, og dette vil fremme motivasjon og interesse hos elevane. Ogden (2004) skriv i boka si om ein engelsk lærer, Goodlad, som har observert mykje undervsning gjennom tida frå 1960-talet. Han beskriv undervisinga i skulen som tradisjonsbundet og med få teikn på profesjonelt, pedagogisk engasjement hos lærarane. Han skriv at han saknar den engasjerande samhandlingen i klassemiljøa, og etterlyser meir humør, glede og latter i skolekvardagen. Dette trur eg det ligg mykje i. Berre i praksis har me erfart at jo meir engasjerte me er, jo meir engasjerte blir elevane. 

Trygghet er og utruleg viktig i eit godt læringsmiljø. At lærar og elev har eit godt forhold, og eleven følar at han eller ho kan stola på læraren. Som eg har nevnt tidlegare i innlegget er det utruleg viktig at læraren og skulen jobbar effektivt mot mobbing. 

Læraren må kunne vere effektiv, og då meiner eg ikkje effektiv på ein måte der ein berre pløyer gjennom stoffet for å ha vært gjennom mest muleg på kortast muleg tid. I følge Ogden (2005) blir effektiv undervising kjenneteikna av lærarar som er opptatt av korleis den enkelte elev kan få mest muleg ut av kvar time på skulen. Dette blir kalla for ein elevorientert lærar. Den elevorienterte læraren klarar å byggje bro mellom pensumkrav og elevforutsetningar. I boka si tar og Ogden med nokre forutsetningar for effektiv undervising. Eg har valt å ta med utdrag frå desse punkta (Ogden:2004 s.111-116): 

  • læraren meistrar eit bredt register av undervisingsprinsipper og veit korleis dei skal anvendas i ulike situasjonar for å fremme læring. 
  • prioritering av læringsaktiviteter utan at andre opppgaver forsømmes, og slik at undervisningstida utnyttes godt. 
  • tilpasse den sosiale sturkturen og læringsmiljøet til elevens behov. 
  • elevane får oppgåver som er tilpassa deira forutsetningar og intellektuelle meistringsnivå. 
  • hensiktsmessig bruk av bekreftelsar eller ros for å oppmuntre positiv åtferd og for å informera elevane om kva som verdsettes og forventes av dem. 
Dagens lærar har fleire roller. Han eller ho er både aktivitetsleiar, inspirator og vegleiar. I skrivande stund må eg sei at eg føler heile prinsippet om leiing av basisgruppa virkar som ei stor utfordring, med alt som skal tenkast over og takast hensyn til. Å skapa balansen mellom alt dette trur eg blir den største. Å vere både fagleg og sosialt kompetent til yrket mitt. 

Denne økta starta me med framføring av ulike arbeidsmåtar. Dette var spennande, og mykje å ta med seg vidare i utdanninga og ut i arbeidslivet. Det er utruleg møkje spennande ein kan gjere som lærar, og mykje av desse metodane tror eg er arbeidsmåtar som kan skape interesse blant fleire elevar på fleire ulike nivå. F.eks. gjennom arbeid med storyline og problembasert læring. Det finnes også arbeidsmåtar som gjer differensieringa lettare. Eit døme på dette er arbeidsprogram, der læraren lett kan lage individuelle arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte elev. 

Alt i alt er eg glad for at eg har valgt eit så spennande, variert og utfordrande yrke!! :) 
Revidert veke 17.