lørdag 9. februar 2008

Samansatt tekst

I forbindelse med temaet born og nye media fekk me ei oppgåve å laga ein samansatt tekst. Den samansatte teksten skulle innehalde lyd, bilder, tekst og animasjonar. Maria og eg jobba i lag. Me valgte ei bok som heiter Doktor Proktors Prompepulver. Den er skreven av Jo Nesbø, og er ei ny barnebok som blei utgjeven hausten 2007. I tillegg til at Jo Nesbø her har skrevet ei fantastisk bok, har også Per Dybvig bidratt med nokon av dei beste barnebokillustrasjonane eg nokon gong har sett. Skulle gjerne lagt ut nokre av bileta frå boka for å pynte litt på denne bloggen, men den gong ei sa åndserklova - den har me forresten lært om og desse vekene. 

Tilbake til oppgåva. 
Me tok kontakt med bokas redaktør i Aschehoug forlag for å få tillatelse til å bruke tekst og bileta frå boka. Dette var ikkje noko problem, så lenge det kun blei brukt til internt bruk på høgskulen og ikkje blei lagt ut på nettet. 

Det blei mången timar foran pcane for Maria og meg. Ufatteleg kor lång tid det til dømes kan ta å lage ein tre sekunds animasjon. Me las inn tekst og musikk, flytta litt her og finpussa litt der. Sjølv om det vart mykje jobbing, var det veldig kjekt. Lærte mykje nytt. Til slutt vart den klar for innlevering, og tilbakemeldinga kan me ikkje sei oss anna enn godt fornøyd med, sjøl om me har ein liten lydforbetring som skal på plass før mappeinnleveringa i slutten av april. 

Følar meg som ein liten datagiik om dagen. Jo meir photoshop eg lærer, jo meir hekta blir eg! Nesten litt farleg, men ufatteleg kjekt! :D Har i vært fall vore veldig bra å ha desse vekene med born og nye media, for eg trur det er kjempeviktig at me som lærarar har peiling på den digitale verden som elevane lever i dag, og kan benytta oss av den! 

Til slutt vil eg anbefala alle som er ute på jakt etter ei spennande barnebok å lesa Doktor Proktors Prompepulver. Ei fantastisk bok som passar for alle barnslege sinn frå 6 til 100 år! 

Me fekk desverre ikkje vist den samansatte teksten då me var ute i praksis. Det vart liksom ikkje noko høve til det i denne perioden, men det kjem jo fleire praksisperiodar heldigvis. 
Revidert veke 17.



1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Det var nok lurt å velja ei bok med så brei apell til "born" i alle aldrar, og riktig så leselyst motiverande vart jo resultatet :-)
Å få erfaring med åndsverkslova i praksis, slik som i denne oppgåva, trur eg er viktig. Som lærarar er vi jo førebilete i alt vi foretek oss, og då gjeld det å halda seg på rett sida av "loven" anten det gjeld åndsverk, plagiering eller piratkopiering.
Adobe Photoshop er eit fantastisk rikt program, med eit ufatteleg arsenal for alle "geeks". Stå på!

Birgit :- )