tirsdag 12. februar 2008

Sjølvbilete

Denne økta handla om kor viktig elevens sjølvbilete er for elevane. Eg meiner det er viktig for elevens evne til å lære noko, men og at eit godt sjølvbilete er viktig for eleven på alle områder av livet.
Det er mange faktorar som spelar inn i elevens sjølvbilete, mest ytre faktorar. Det første som møtar eit barn når det blir født er foreldra. Dette blir den hovudfaktoren som spelar inn i barnets utvikling av sjølvbilete dei første åra. Noko som er her viktig å huske på er at små ungar ikkje kjenner skilnaden mellom det dei er og det dei gjer. Om eit lite barn får kjeft for noko han har gjort, kan barnet tolka det som ein kritikk for noko det er.
Eg trur denne første fasen er med på å danne grunnlaget for mykje av barnets personlighet, inkludert sjølvbilete. I starten av året hadde Birgit med ein plakat på skulen med eit dikt av Dorothy Law Nolte som eg meiner seier noko om akkurat dette. Diktet er omsett av Andrè Bjerke:
Hvis et barn lever med kritikk, lærer det å fordømme.
Hvis et barn lever med fiendskap, lærer det å slåss.
Hvis et barn lever med spott, lærer det å bli sky.
Hvis et barn lever med skam, lærer det å føle skyld.
Hvis et barn lever med toleranse, lærer det å bli tålmodig.
Hvis et barn lever med oppmuntring, lærer det tillit.
Hvis et barn lever med lovord, lærer det å verdsette.
Hvis et barn lever med ærlighet, lærer det å bli rettferdig.
Hvis et barn lever med trygghet, lærer det å tro.
Hvis et barn lever med anerkjennelse, lærer det å like seg selv.
Hvis et barn lever med bifall og vennskap, lærer det å finne kjærlighet i verden.

Etter kvart som barnet blir eldre fortsett utviklinga i takt med menneskets ulike stadier. Her er det også ting som spelar inn frå stadie til stadie av positiv og negative erfaringar. Til dømes om eit spedbarn opplever mistillit blir det uselvstendig og tvilande i tidleg barndom.

Eg har fleire gonger tidlegare i bloggen vore inne på kor mykje påverknad me som lærarar vil ha på elevane våre. Til dømes kan små kommentarar på ein litt dårleg dag gjere mykje skade i eit barnesinn. Men dårlege dagar kan det bli, men eg trur det er viktig å bli bevisst sine handlingar så ein kan lære å gå tilbake og be om unnskyldning for noko som er gjort galt. Godt er det å vite at me som lærarar og kan ha positiv innverknad på elevane våre ved å være gode rollemodellar. Ein positiv påverknad kan snu ein negativ åtferd på same måten som ein negativ påverknad kan snu ein positiv åtferd.

Skulens ansvar ligg ikkje berre i formidle kunnskapar til elevane. Imsen (2005. S. 413) skriv så fint i boka si at: "Skulen ska utvikle både hode, hjerte og hender. Skulen må ha omsorg for heile eleven." Det ligg i vårt ansvar som lærarar å hjelpe elevane til ei god sjølvoppfatning.

Sjølvoppfatninga til eleven blir prega av både indre og ytre faktorar. Dei ytre er påvirkninga frå andre, dei signifikante andre som t.d. læraren. Mennesket prøvar å se seg sjølv på den måten som andre ser på dei. Eg tykkjer det var skummelt å lese i Imsen (2005) om korleis elevar blir stempla i skulen, og om kor kvikke born er til å opfatta alt som er annerledes. Eg meiner, i lag med Imsen (2005, s. 422), at me som lærarar må vere obs kva me seier og gjer slik at me ikkje bidrar i denne negative stemplingsprosessen. 

Forventingar er både ein indre og ein ytre påvirkningsfaktor. Kva slags forventingar har me ovanfor elevane, og kva slags forventingar har dei til seg sjølv og andre? Sjølvoppfatningen har ein tett samanhang med elevens oppfatning av sin eigen kompetanse, og dermed også kva slags forventingar eleven har til seg sjølv. Ein måte å vise forventingar på er ved å sette opp mål for elevens opplæring, mål som eleven sjølv kan vere med å utarbeide i lag med læraren. Problemet med mål kan vere at elevar som igjen og igjen føler at dei ikkje når opp til måla etter kvar vil utvikla ein dårlegare og dårlegare sjølvoppfatning. Derfor er det viktig at me som lærarar klarer å bruka måla på ein god måte, det må jo vere eit mål i seg sjølv. 

Borns sjølvoppfatning, heng som sagt saman med elevens følelse av meistring i ulike situasjonar. Motivasjonen for å vere med på noko dei meistrar er større enn å vere med på noko dei følar at dei ikkje meistrar. Naturleg nok prøvar dei då å unngå område der dei følar kompetansen ikkje strekk til. Her kan eg koma med eit døme frå min eigen barndom. Nesten alle jentene mine i klassen min spelte fotball, så det ville eg og gjere. Eg møtte opp på fotballtrening på Vard, men fann fort ut, faktisk berre i løpet av nokre minuttar, at dette ikkje var plassen for meg. Årsaka var ein ball som traff meg i låret, og det var jo bare alt for vondt til at denne fotballspelinga kunne vere noko for meg. Dermed endte eg min fotballkarriere raskt, og gjekk over til leikaringen på skulen. Her hadde eg det heilt topp. Fekk drive med drama og skodespel, noko som eg fortsatt likar å drive på med den dag i dag. :) 

I forhold til tema i forgje avsnitt står skulen i ei særstilling på dette området. Elevane har ikkje noko val om dei vil vere der eller ikkje, så derfor meiner eg det er viktig at me som lærarar arbeider aktivt for at elevane skal føla at skulen er ein trygg og god plass å vere. 

Elevens utvikling av sjølvoppfatninga skjer gjennom ein kontinuerlig evaluering av seg sjølv, både via indre og ytre faktorar. Når eleven er fornøgd med sin innsats skapar dette ei positiv sjølvoppfatning, som kan føre til endå betre prestasjonar i neste omgang. Dette blir kalla for ein kausal sirkularitet (Imsen:2005, s. 432). Denne kausale sirkulariteten kan slå ut både positivt og negativt for elevens sjølvoppfatning, avhengig av opplevinga med prestasjonen. 

Dette med oppfatninga av gode og dårlege prestasjonar tykjer eg er eit spennande tema, spesielt om ein ser på forskjellen mellom gutar og jenters oppfatning av ein prestasjon. Ein gut som opplev å få tilbakemelding om ein god prestasjon tenkjer med seg sjølv at "eg er god," altså at dei gjer den gode prestasjonen ein indre årsak. Ein negativ prestasjon kan i motsetnad begrunnast ut i frå ytre årsakar som uflaks, dårleg prøve, dårleg lærar, dårleg dag etc. Jentene derimot er heilt motsatt på dette området. Dei gjer dei gode resultata ein ytre årsak som flaks, heldig med spørsmåla, bra men ufortjent etc. Dei dårlege prestasjonane gjer dei seg sjølv skulda for. "Eg er jo berre slik eg." Kanskje er det slik at det er flest jenter som slit med ei dårleg sjølvoppfatning? 

Som nevnt fleire gonger før er det lærarens ansvar  å jobbe for at elevane skal ha ei god sjølvoppfatning. Det er så utruleg trist at det er så utruleg mången unge i dag som slit med ei dårleg oppfatning av seg sjølv. Har snakka med fleire flotte personar, som på fasaden kan virka så trygge og fornøgd, men om ein kjem litt på innsida av dei slit dei kjempemykje med dårlege tankar om seg sjølv, sine kompetansar på ulike område, sitt utseande og sine talenter. Dette er noko som eg opplev skremmande mykje av i jobben min med ungdommar. 

Korleis kan ein gjere noko for mennesker som slit med ein dårleg sjølvoppfatning? 
Mine tankar omkring dette er at det er utruleg viktig å støtte personen, og gje oppmuntringar. Verkeleg jobbe for å sjå dei menneskene som det gjeld, og sørgje for å gje dei gode tilbakemeldingar på det dei gjer. Det er utruleg viktig å føle at ein blir sett, og å føle at nokon har tid til å lytte. Her kjem også dei gode spørsmåla inn, og ikkje berre gje dei gode råda for kva ein kan gjere. Spørsmål som får personen til å tenkje sjølv. T.d. "Kvifor tenkjer du slik om deg sjølv? Har dei som har påvirka deg til å tenkje slik retten til å øydelegga livet ditt? Kva drømmar du om? Trur du det er muleg å oppnå? osv." 

I Imsen (2005, s. 446 - 447) blir dette med å bidra til at elevar skal få eit betre sjølvbilete kalla for involveringspedagogikk. Det tykkjer eg er eit fint ord. Medan anna skriv Imsen der at: "Det lærerne må gjøre, er å komme eleven i møte på det menneskelige planet gjennom personlig kontakt som er basert på genuin interesse og omsorg for den enkelte elev." 
Imsen tar med Poul Nissen sine fire prinsipper for involveringspedagogikk. Desse vil eg ta med mot slutten av innlegget, fordi eg tykjer dei er utruleg viktige.
  1. Involvering: læreren interesserer seg for elevens verden, skapar eit sterkt, vedvarande, gjensidig følelsesmessig forhold. 
  2. Sosialt ansvar: oppfyllelse av grunnleggjande behov som skjer på ein slik måte at det ikkje øydeleggjer andres mulegheitar til å få oppfylt same behov. 
  3. Stimulere sjølvstendig tenkning: ikkje utan videre gje løsningane, men vise respekt for den enkeltes tankar og idear. Sjølvsagt utan at ein skal akseptere alt elevane seier. 
  4. Relevans: ta opp problem som elevane er opptatt av, og som dei følar angår deira verkeleghet og erfaringar. 
Dette med menneskers sjølvoppfatning må eg nesten karakterisera som ein hjertesak for meg. Det er få ting som gjer meg så trist som når eg høyrer mennesker fortele om korleis dei tenkar negativt om seg sjølv, og ikkje trur dei er verdt noko. Mykje av årsaken til dette er nok mine eigne tenåringsår. Frå å vere ei trygg og glad jente utvikla eg meg til å gå rundt og tenkje om meg sjølv at eg ikkje var verdt ein dritt. Det var fleire årsakar til det, men det skal eg ikkje gå inn på her. Det som snudde situasjonen for meg var lærarar som såg meg, og som tok seg tid til meg. Spesielt hadde eg ein lærar som betydde utruleg mykje for meg då eg budde i Oslo. Han var ikkje den som satt og bare lytta på meg som la ut om kor fælt alt var, men han spurte meg om nokon av dei spørsmåla som eg nevnte tidlegare i innlegget. Han fekk meg til å tenkje på ein anna måte, noko som over tid førte til at eg fekk ei mykje betre sjølvoppfatning. Sjølv om det var ei tøff ungdomstid, trur eg ikkje eg ville vært uten dei erfaringane alt gav meg. No kan eg bruke det til å hjelpe andre mennesker til å få ei betre sjølvoppfatning, for eg veit at det er muleg!! :) Dette er og noko av årsaka til at faktisk valgte å bli lærar, så eg skal gjere mitt beste for mine elevar på alle område, sjølv om det kjem til å bli utfordrande. 
Revidert veke 17.

Motivasjon

28.01. var tema motivasjon. Det blei ikkje noko forelesning, for me jobba i grupper. Me starta med å lese raskt kvar for oss, før me satt oss i lag i grupper der me snakka om teksten og lagde spørsmål. 

Motivasjon er ein kjempeviktig faktor for skulen. Om me ikkje klarar å motivera ungane har det ikkje mykje for seg å prøva å læra dei noko. Motivasjonen er det som forårsaker aktivitet hos individet, det som holder denne aktiviteten ved like, og det som gir den mål og mening. (Imsen 2005:375) 

Grunnlaget for motivasjonen er kjenslene. Om ein unge til dømes sitt med kjensla av å ikkje få til noko i matematikken er motivasjonen for å prøve liten. Det er ulike årsakar til at denne ungen har akkurat denne kjensla. Kanskje har nokon sagt noko; elevar i klassen eller nokon i heimen, eller kanskje eleven berre ikkje ser noko grunn til å lære det. 

Det var spennande å lese om korleis me lærer gjennom kjenslene. Ein gong har eg lært meg kva som gjer meg redd eller kva som gjer meg glad. Eg har lært noko som gjer at eg forbinder ord, personar, gjenstander eller plassar med ei særskild kjensle. Eit døme kan vere at eg forbinder ordet onkel med ein glad, pianospelande og snill mann, mens ein annan kan forbinde ordet onkel med den grusomme mannen som gjorde noko fælt mot seg då han eller ho var mindre. Det kan vere mången ulike kjensler som ligg til grunn for elevars motivasjon. Eit anna døme, som nok ligg nærare skulekvardagen, er elevanes kjensler i forhold til ulike fag. Matematikk til dømes. For meg som aldri har vore noko matematisk glanseksempel kan eg ikkje sei at det strøymer over av motivasjon når utfordringane røyner på, men for nokon andre kan det vere heilt motsatt. Dette er eit døme på det kognitive perspektivet på motivasjon, når tankane våre skapar og formar motivasjonen. 

Gruppa mi jobba med prestasjonsmotivasjon i gruppearbeidet på skulen. Prestasjonsmotivasjon er trangen til å utføre noko bra i forhold til ein eller annan kvalitetsstander. Motivasjonen er tilstede som eit ynskje om å gjere det bra. Ofte er ynskjet om å gjere det bra einaste motivasjonen, det treng ikkje verr knytt til noko løfte om belønning eller liknande. Det er ein indre motivasjonsform. (Imsen 2005) 
Likevel trur eg ynskjet om å gjere noko bra kan komme frå ytre forhold. Då me var ute i praksis satt eg inne med nokon elevar som hadde kartlegjingsprøve i matematikk. Då ei av jentene fekk prøven utdelt sa ho: "Om eg får alt rett no blir foreldra mine så glade." Det er jo framleis ein prestasjonsmotivasjon fordi ho ynskjer å gjere det bra, mens foreldra blir for jenta den ytre påvirkninga til hennar prestasjonsmotivasjon. Dette stemmer og i forhold til Maslow som meinar at behovet for anerkjenning og respekt har to aspekt: ei ytre sosial side der ynskjet om å vere noko i andres auge ligg til grunn, men og ei indre side som innebær meistringa i seg sjølv og ein følelse av styrke, frihet og tillit til egne krefter. (Imsen 2005). 

Noko som igjen og igjen kjem tilbake i pedagogikken er behovet for tilpassa opplæring. Elevar som mistar all motivasjon fordi dei ser på oppgåva som umuleg, eller er så redd for å mislykkast at dei ikkje prøvar treng ei særskild oppfølgjing. Kanskje skal det ikkje meir til enn ein lærar som har tid til å forklare oppgåva i litt andre ord enn oppgaveteksten gjer før "lyset går opp" for eleven om kva som skal gjerast. Då får kanskje eleven kjensla av å meistra, noko som gjer at trua på seg sjølv kanskje er litt høgare neste gong ei oppgåve skal løysast. I takt med at trua på seg sjølv veks, veks og motivasjonen og ynskjet om å klara det! 

Sjølv meiner eg at den indre motivasjonen er den viktigaste, og det stemmer nok og best overens med mitt pedagogiske grunnsyn i og med at eg har Vygotsky, Piaget og Dewey som dei teoretikarane eg held meg mest til. Ingen av dei snakkar noko særleg om verken ros og belønning eller straff. Likevel nevnte eg i innlegget der eg skreiv om pedagogisk grunnsyn at Skinner har noko bra i sin teori, og dette med fokus på det positivte og belønning er noko av dette. Likevel er eg ikkje for noko utstrakt bruk av belønning, likevel kan det nok vere lurt ein gang i blant. Om eg blir kontaktlærar ein dag vil eg nok berre bruke belønning for ein samla klasse, for slikt kan fort bli urettferdig elles. Eit døme er jo noko som praksislæraren vår gjorde. På slutten av kvar veke fekk alle som ikkje hadde fått ein anmerkning utdelt ein smiley. Når klassen hadde fått eit visst antall smileys (trur det var 100 eller 200) fekk dei gjere noko ekstra kjekt, t.d. ein utetime, litt ekstra kos eller noko. Dette var ein form for belønning og ytre motivasjon som fungerte veldig bra, i hvert fall for den klassen. Korleis klasse ein har er jo alltid noko som spelar inn i slike ting. 

Men som sagt vil eg nok jobbe mest mot å auke den indre motivasjon til elevane, og korleis kan eg gjere det? Piaget snakkar om at trangen til å finne ut noko kan auke motivasjonen til elevane. Derfor trur at ein måte kan vere å presentere tema og oppgåver for elevane på ein engasjerande måte, slik at dei sjølv får lyst til å finne ut meir. Dette er nok utfordrande, men eg trur læringsutyttet for elevane kan vere stort. 

Ein anna måte er at elevane sjølv får vere med å utarbeide mål for læringa si. Ein måte å gjere dette på er med elevane ein og ein, men ein anna måte kan vere i ein samla klasse. Eg har stor tru på dette med samlingskrokar. Kanskje kan ein ha ein samtale på fredagen om kva som skal skje neste veke. Om tema for natur og miljø er verdensrommet, så har kanskje ein av elevane ein bok om planeter han eller ho kan ta med. Ein kan spør elevane om kva dei har lyst å lære (her må ein jo sjølvsagt vere i tråd med læreplanar o.lig.) og ein kan spør elevane om korleis dei har lyst å jobbe. Dermed vil elevane forhåpentligvis byggje opp forventningane til den veka som kjem, og føle at dei er ein del av planane. 

Dette med forventingar heng jo tett saman med indre motivasjon. Aukar forventningane vil og motivasjonen auke. 

Tilpassing av oppgåver trur eg og kan vere ein måte. Då får elevane oppgåver som ligg innafor deira proksimale utviklingsone, og dei kan få ei kjensle av meistring. Eg har i alle fall sjølv erfart at kjensla av å meistre, gjer at ein får lyst til å prøve litt vanskelegare ting. 

Fleire måtar finns det nok og. Eg trur dette med motivasjon, som med så mykje anna, er noko ein lærar meir gjennom å erfara. Likevel er det nok lurt å ha nokre ting med seg frå starten av i lærarkarrieren. 
Revidert veke 17.



lørdag 9. februar 2008

Samansatt tekst

I forbindelse med temaet born og nye media fekk me ei oppgåve å laga ein samansatt tekst. Den samansatte teksten skulle innehalde lyd, bilder, tekst og animasjonar. Maria og eg jobba i lag. Me valgte ei bok som heiter Doktor Proktors Prompepulver. Den er skreven av Jo Nesbø, og er ei ny barnebok som blei utgjeven hausten 2007. I tillegg til at Jo Nesbø her har skrevet ei fantastisk bok, har også Per Dybvig bidratt med nokon av dei beste barnebokillustrasjonane eg nokon gong har sett. Skulle gjerne lagt ut nokre av bileta frå boka for å pynte litt på denne bloggen, men den gong ei sa åndserklova - den har me forresten lært om og desse vekene. 

Tilbake til oppgåva. 
Me tok kontakt med bokas redaktør i Aschehoug forlag for å få tillatelse til å bruke tekst og bileta frå boka. Dette var ikkje noko problem, så lenge det kun blei brukt til internt bruk på høgskulen og ikkje blei lagt ut på nettet. 

Det blei mången timar foran pcane for Maria og meg. Ufatteleg kor lång tid det til dømes kan ta å lage ein tre sekunds animasjon. Me las inn tekst og musikk, flytta litt her og finpussa litt der. Sjølv om det vart mykje jobbing, var det veldig kjekt. Lærte mykje nytt. Til slutt vart den klar for innlevering, og tilbakemeldinga kan me ikkje sei oss anna enn godt fornøyd med, sjøl om me har ein liten lydforbetring som skal på plass før mappeinnleveringa i slutten av april. 

Følar meg som ein liten datagiik om dagen. Jo meir photoshop eg lærer, jo meir hekta blir eg! Nesten litt farleg, men ufatteleg kjekt! :D Har i vært fall vore veldig bra å ha desse vekene med born og nye media, for eg trur det er kjempeviktig at me som lærarar har peiling på den digitale verden som elevane lever i dag, og kan benytta oss av den! 

Til slutt vil eg anbefala alle som er ute på jakt etter ei spennande barnebok å lesa Doktor Proktors Prompepulver. Ei fantastisk bok som passar for alle barnslege sinn frå 6 til 100 år! 

Me fekk desverre ikkje vist den samansatte teksten då me var ute i praksis. Det vart liksom ikkje noko høve til det i denne perioden, men det kjem jo fleire praksisperiodar heldigvis. 
Revidert veke 17.



mandag 28. januar 2008

Born og nye medier

Dei fyrste vekene etter nyttår har tema vore born og nye medier. Det har vore interesant. To dagar var me ute i punktpraksis på praksisskulen. Den fyrste dagen observerte me då borna fekk læra å søka på nettet. Den andre dagen var det me i praksisgruppa som laga opplegget. Me valgte tema; nettvett. Me lagde ein film om ei jente som chatta på nettet med ein gut. Det endte med at dei avtalte å møtast, men guten var eigentleg ein 58 år gammal mann.

I planlegginga av denne økta snakka me om ulike ting me som kunne vere aktuelle å ta opp, men me valgte nettvett fordi me var einige om at dette var grunnleggjande og sentralt i forhold til all anna nettaktivitet. Den første punktpraksisdagen såg me og at fleire av elevane hadde nettsider der dei hadde lagt ut navn, alder, bosted etc. ope for alle og ein kvar. Derfor lagde me filmen som handla om at ikkje alle personar som ein kjem i kontakt med på nettet er som dei gjer seg ut for å vere. 

Så kom me te skulen, var spent på korleis det skulle gå med opplegget. Tenkte på om kanskje ungane berre kom til å le av oss på filmen, vite alt me visste om frå før e.lig. Men sånn vart det ikkje. Ungane likte filmen, begge klassane spurde om dei kunne sjå den ein gong til. Dei visste heller ikkje mykje om nettvett. Me lærte dei om bilder på nettet, om kva ein kan sei til den ein chattar med og ikkje og til slutt tok dei nokre testar på www.saftonline.no om nettvett.

Gjennomføringa av dagen gjekk greit, bortsett frå at fleire av dei bærbare pcane te skulen ikkje hadde flash installert. Me måtte derfor ta testen i fellesskap, i staden for at borna jobba i små gruppe på pcane.

Noko eg i alle fall har lært desse vekene er at ungar kan alt for lite om nettvett, og at dette må snakkast mykje meir om ute i skulane. Satsar på å få høve til dette både ute i praksis og som framtidig lærar.

Ellers gjorde me og ein del andre ting på skulen i forbindelse med dette tema, blant anna prøvde me oss på ulike programmer som ligg gratis på nettet. Me lagde små animasjonar, og teikneseriar. Bra program som ein kan bruke i ulike skulesamanhengar. T.d. om elevane skal laga presentasjonar e.lig. 

Me fekk og sjå ulike sider som handlar om nettvett. Redd barna, SAFT og barnevakten er berre nokon av dei som har laga informasjon om nettvett. Nokon av sidene har og ferdige undervisingsopplegg til bruk i skulen. Fleire av disse sidene henta me informasjon frå då me skulle lage vårt opplegg om nettvett til punktpraksisen. 

Eit anna viktig tema som me var inne på er dette med "fusk og fanteri." Det er veldig lett og berre høgreklikke og laste ned eit fint og passande bilete frå nettet, men det er faktisk ikkje lov. Det skjønner eg veldig godt, og som hobbyfotograf har eg full forståelse for kor frustrerande dette må vere for den som har tatt bilete. Ofte kan det vere at fotografen ikkje har noko imot at bilete blir brukt, men det kan ein jo ikkje vite før ein har spurt. Som regel er det ikkje så vanskeleg å finne e-postadressa til fotografen på sida. Musikk er og noko som mange lastar ned. Dette er og ulovleg, og det er eg så einig med. For at ein skal kunne lage meir musikk er artistane avhengig av at nokon kjøpar musikken deira, og ikkje berre at folk stjel den frå eit fildelingsprogram. Sjølv brukar eg ofte iTunes når eg kjøp musikk, då kan eg på lovleg vis kjøpe berre ein song frå ein cd om eg vil. 8 kroner er heller ikkje noko uoverkommeleg sum. 

Det er viktig at barn lærer kva som er lov og ikkje er lov, og kva som er lurt og ikkje lurt når det handlar om Internett. Gje dei eit sunt nettvett!! :) 

Revidert veke 17.

onsdag 2. januar 2008

Godt nyttår!! :)

Ville bare ynskje dykk alle saman eit godt nytt år! Håpar alle har hatt ein fin ferie! :)
Har vore godt med ein lang ferie før ein travel skolevår. 

Må sei den siste veka på skulen var eit godt bidrag til julesteminga. Med laging av pepperkakehus og juleprosjekt i drama. Det vart ein spennande framføringsdag, mykje flotte innslag. Her er eit bilete frå framføringa vår. 
Me hadde det i alle fall gøy i lag! :) 

mandag 3. desember 2007

Animasjon og behandling av bilete

I dag hadde me ein fantastisk dag på datalaben. Photoshop - både behandling av bilete, og animasjonar! Eg storkoste meg. I tillegg er eg i fyrste omgång ferdig med oppgåva i pedagogikk og matematikk frå praksis. Trur animasjonen min visar litt korleis eg følar meg no. Så eg håpar bare at ho dansar og! :)
------------------------------------------------
Fekk god hjelp av Birgit, så no dansar ho endeleg. 
Me fekk ei oppgåve tilknytta behandling av bilete og. 
I løpet av juleferien skulle me laga ein collage. 
Eg såg dette som ein god grunn til å endeleg kjøpe photoshop til macen min! :) 








Ein kald dag i juleferien drog eg storebror ut på tur for å ta bilete rundt om i Haugesund. Fann ut at eg ville laga ein collage med tema frå byen eg er så veldig glad i. I tillegg la eg inn litt bilete av nokre venner av meg frå cupfinalen i Oslo for å få inn litt god FK Haugesund - stemning i collagen min. :) Her er resultatet: 




Denne typen kunnskap er det bra å ha med seg ut i skulekvardagen. Medan anna skal elevane i løpet av mellomtrinnet gjennomføra eit animasjonsprosjekt. Noko me fekk vere med på ute i praksis. IKT har fått sin faste plass i skulen, og eg reknar med at det ikkje vert mindre av det i framtida. Derfor er det viktig og kjemperelevant med undervisning som dette. 

Ein ting er kva me skal lære elevane videre i arbeidet med IKT, men det er og utruleg mykje me som lærarar kan bruke desse teknologiske hjelpmidla til. Eit døme er jo alle dei spennande animasjonane og presentasjonane me kan laga til bruk i undervisning om ulike tema. 
Revidert veke 17.

mandag 26. november 2007

Planlegging - Praksis - Evaluering

PLANLEGGING
Den siste timen me hadde på høgskulen før me gjekk ut i praksis handla om planlegging. Det vart mykje informasjon på ein gong. Heile planlegginga virka litt vanskeleg, med skjema alt skulle settes inn i og alt som skulle tenkast i gjennom. Etter denne økta samla me oss i praksisgruppa og byrja planlegginga av undervisning til praksis. Då brukte med diamantskjemaet aktivt.

Diamantskjemaet er eit genialt redskap for planlegging av undervisning, og til å reflektere over gjennomført undervisning i etterkant. Korleis ein lærar planlegg undervisinga virkar inn på kva eleven lærer. Ei godt planlagt undervisingsøkt reduserer usikkerheten for ein lærar, fordi ein veit kva som skal gjerast. Samstundes er det viktig å ta med seg ein god dose fleksibilitet, for i arbeidet med elevar veit ein aldri kva som kan som kan hende. Eit døme på dette har eg frå praksis, då eg skulle ha naturfag med elevane. På diamantskjemaet hadde eg satt av ti minuttar til gjennomgang av lekser, men elevane var så interessert i det me snakka om at tida gjekk langt over ti minuttar. Eg blei litt stressa, og prøvde å avslutte for å koma meg vidare i programmet mitt. Tilbakemeldingen frå praksislærar var då at eg ikkje måtte vere redd for å legge til side planane mine, for så lenge ein har elevane med seg så lærer dei. Ein god erfaring å ta med seg videre. 

Diamantens eigentlege navn er den didaktiske relasjonsmodell. Den er forma som ein diamant med den hensikt å vise kor samansatt og mangfoldig didaktisk virksomhet er, med fleire ulike forhold som griper i kvarandre. Ein anna hensikt med å plassera dei ulike teoriane i ein diamant er for å vise at dei er likestilt i forhold til kvarandre. Alle like viktige for ei godt planlagt undervisninsøkt. Bjørndal og Lieberg utviklet den didaktiske relasjonsmodellen som ein videreføring av tenkningen til Heimann og Schulz.

Dei seks kategoriane i den didaktiske relasjonsmodellen er (Lyngsnes og Rismark:2007): 
  1. Læreforutsetningar: Ein lærer er nødt til å ha kjennskap til elevane sine forutsetningar. Kvar elev har ulike forventningar, kunnskaper, erfaringar, evner og heimebakgrunn. For at eleven skal ha eit læringsutbytte må læreren tenke gjennom disse når han eller ho planlegg undervising. Læreren er nødt til å møte elevane der dei der. Nokon gonger kan det til og med vere andre forhold som overskygger dei faglege. Kva om ein elev har ligge våken om natta og høyrt på foreldrene som har krangla, då er det ingen enkel sak å jobbe på skolen, sjølv om oppgåva er spesielt tilpassa elevens nivå. Det er utruleg viktig at læraren jobbar for å skape eit godt forhold mellom seg sjølv og elevane, at elevane følar at dei har anerkjennelse og respekt for seg og sitt. Ein anna ting læraren må huska på er at elevens læreforutsetningar forandrar seg heile tida etter kvart som elevane lærer meir og utviklar seg. 
  2. Rammefaktorar: Det er mange rammefaktorar som speler inn i ein lærers kvardag. Døme på rammefaktorar er tid, utstyr, lærebøker og lokalmiljøet. Rammefaktorane påvirkar undervisninga på ulike måtar. Tida begrenser, lokalmijløet åpnar for ekskursjonar i forbindelse med bestemte tema og skulens økonomi og utstyr har mykje å sei for kva ein faktisk kan gjennomføre og ikkje. Eg vil sei at det er viktig for ein lærer å ta rammefaktorane som dei er, tenkje kreativt og gjere det beste ut av det. Det er ikkje alltid at det skal så mykje til for å gjere undervisinga mykje meir spennande. Her kan eg og ta med eit døme frå praksis. Maria og eg skulle undervise om Sabbaten i jødedommen. Me fann ei oppskrift på sabbatsbrød som me baka heime kvelden før, tok med ein kvit duk og to kvite lys. Dette var ikkje mykje jobb og ikkje vart det dyrt heller, men undervisinga blei så mykje betre og elevane var kjempeinteressert. 
  3. Mål: At ein lærar kan tenka at målet for undervisinga er nådd når alt planlagt pensum er gjennomgått, er feil og eg vil sei nesten litt farlig. Årsaka til det er at det er elevens læringsutbytte som skal ha fokus. Har eleven lært, er målet nådd. Meiningsfylte mål har elevens læring i fokus. Dette understreker Vygotskijs læringsteorier. I hans teori står elevens læring sentralt. Det eleven kan nå i sin nærmeste utviklingssone, det må bestemme målene. Målene handlar ikkje berre om kva slags kunnskap eleven skal få inn, men og om ferdighetar og holdningar. Eg meiner det er viktig å ha ein god balanse mellom kva eleven skal lære, og korleis eleven skal lære. Fokus på både prosess og resultat. 
  4. Innhold: Kva dreier arbeidet i skulen seg om, det er innholdet. For at eleven skal få ei tilrettelagt undervising er det viktig at innholdet er tilrettelagt, på same måte som måla. 
  5. Læringsaktivitetar: Eg skulle ynskje det fantes ein "Opplæringens ABC" der det stod om kva slags måte det er best å underviske det bestemte temaet på, men noko slikt finnes ikkje. Derimot finnes det over 70 ulike læringsmodellar, t.d. individuelt arbeid, samarbeidslæring, prosjektarbeid etc. Ein liten hjelp for meg var det i hvert fall å lese om kva desse modellane har til felles, nemleg at: ei kartleggjing av elevens læringsstil og ei undervisning tilpasset denne vil vere ein optimal opplæring (Lyngsnes og Rismark:2007, s.99). Det finnes eit sett utarbeida prinsipp som kan hjelpe læraren til å fokusere på eleven i planlegginga av undervisinga. Desse er (Lyngsnes og Rismark:2007): motivere, aktivisere, konkretisere, variere, individualisere, samarbeide. Ein huskeregel er: MAKVIS. Eg ser på desse prinsippa som geniale og viktige. Eit døme er jo som eg nevnte tidligare, om då me brukte gjenstander frå sabbaten til konkretisering. Fleire gånger har eg høyrt eit sitat som er noko slikt: Eg høyrer og eg gløymer. Eg ser og eg husker. Eg gjer og eg forstår. Huskar ikkje konkret kor det kjem i frå, men viktigt er det uansett, eg trur for eksempel aldri elevane på Skåredalen skule kjem til å gløyme korleis eit Sabbatsbrød smakar, og det vil nok ikkje eg heller. Litt uvant med sitronskal innbakt i brøddeig. 
  6. Vurdering: Lyngsnes og Rismark (2007) har tatt med nokre punkt om vurderingens formål. Eg tykkjer desse sa kort og greit om vurderingens hensikt. Derfor har eg valt å ta dei med slik dei med slik dei stod i boka. Vurdering skal: 
  • fremma læring og utvikling hjå den enkelte elev. 
  • virka veiledande og motiverande for innsats og fremma ynskje om å bruka evne og anlegg. 
  • stimulera eleven til å vere aktiv og utvikle evne til å ta medansvar for å vurdere eige arbeid.
  • gje eleven tilbakemelding og oppfølging i forhold til arbeidsprosess og resultat. 
  • dokumentera den kompetansen eleven har oppnådd. 
  • gje eleven og foreldra tilbakemelding om elevens framgang. 
  • hjelpe lærarar og skulen til å forbetre opplæringa og tilpasse den til elevens behov. 
Så vurdering er så mykje meir enn bare karakterar!! :) 

Eg trur virkeleg at eg kjem til å få mykje bruk for, og mykje god hjelp frå den didaktiske relasjonsmodellen i framtidige praksisperiodar, og når eg ein gong i framtida er ferdig utdanna, men långt i frå ferdig utlærd lærar. 


PRAKSIS
Så var praksis i gong, og me møtte opp på Skåredalen med utfylte diamantskjema til dei timane me hadde klare. Etter kvart i praksisperioden blei diamantskjemaet eit kjempebra hjelpemiddel når timar skulle planleggast. Det tok bare litt tid å bli kjent med det. Eg syntes det er genialt fordi kvar av punkta gjer at ein sørger for at ein har tenkt igjennom alt til timen. Kva skal ein gjere, kva er måla for det ein skal gjere, korleis skal ein organisera gruppa, kva treng ein av utstyr, korleis skal dei ulike læringsaktivitetane gjennomførast etc. 

Det vart ein spennande praksisperiode. Fekk verkeleg prøvd oss som lærarar denne gongen. 
Me starta rett på med gjennomføringa av undervisningslandskapet i matematikk. Elevane lagde tredimensjonale kubar. Dei skulle sjølv finne ut korleis dei skulle plassere seks kvadrat i forhold til kvarandre, som etterpå, samanhengande, skulle klippast ut og brettast til ein kube. Kubene brukte dei som terningar i eit koordinatspel etterpå. Det var spennande å observera elevane i dette arbeidet. Noko av det eg la merke til i gjennomføringa var korleis dei ulike elevane gjennomførte opplegget, det var nemleg ofte dei elevane som blir rekna som dei sterkaste som sleit mest med undersøkelseslandskapet. Kanskje dei sleit med å ikkje ha ei konkret løysning å arbeide mot, mens dei svakare elevane likte nettopp å arbeide mot ei eiga løysning? Her er eit døme på korleis ein kan bruka ulike arbeidsmåtar for å legge opp opplegg for at fleire elevar skal få undervisninga best muleg tilpassa sitt nivå og sin arbeidsmåte.

I norsken hadde me om fantasy i praksisperioden. Det gjekk mykje i Harry Potter. I løpet av perioden fekk elevene i oppgåve å skrive ein eigen fantasyhistorie der dei skulle få med dei typiske kjennetekna for denne sjangaren. Midt i skriveprosessen satt ein gut i klassen og sa han var ferdig og ikkje orka å skriva meir. Han hadde skreve ein grei historie, men den var litt kort og lite beskrivelsar. Han burde absolutt jobbe meir med den, men korleis skulle eg motivere han? Eg las i gjennom historia hans. Han hadde skreve om ein drage, men ikkje noko om korleis han såg ut. Eg spurde guten korleis dragen i historien hans såg ut. Guten lyste opp og begynte å fortelja om dragen, om dei store tenna og dei skarpe piggane på ryggen. Eg spurde kvifor han ikkje ville at lesarane av historien hans skulle få vite at denne dragen var så skummel, han tenkte litt, så byrja han att med skrivinga på historien. 

Etter at timane var gjennomført var diamantskjemaet eit godt hjelpemiddel. Då kunne me gå i gjennom del for del, og det var lettare å få oversikten på kva som gjekk bra og kva som ikkje gjekk så bra. Kanskje treng eg ikkje noko skjema når eg ein gong i framtida har planlagt så mången timar at det heile går automatisk, men før eg er der må eg sei: Hurra for diamantskjema! ;)












Det er veldig lærerikt å vere ute i praksis og eg gler meg til neste periode. Når me får sett og prøvd ut teorien me lærer på skulen gjer det heile litt mer meining. 

Mitt mål for denne praksisperioden var å få innblikk og erfaring i korleis læraryrket fungerer. Det vil eg verkeleg sei at eg fekk. Me var i ein aktiv og uroleg klasse, men likevel var det ein fantastisk gjeng med elevar. Utfordringa med å vere i denne klassen ga meg eit skikkelig innblikk i kor utfordrande læraryrket er, både med det faglige og det sosiale arbeidet. Me fekk prøvd oss i undervisning, noko som var spennande og ga mersmak. Samstundes som forbetringspotensialet var stort. Ei av dei største utfordringane var å vere bestemt nok. Finne ein måte å vere tydeleg og bestemt vaksen, uten å berre kjefte på elevane. Det gjekk betre og betre etter kvart, og me får jo mykje meir trening i dette vidare i utdanninga. 

Gjennomføringa av timane gjekk greit. Dette var vår fyrste periode, og litt nervøsitet gjorde nok at timane blei planlagt særs godt. For å sørgje for at me hadde alt under kontroll, brukte me dei ulike felta på diamantskjemaet. Tilbakemeldingane me fekk frå øvingslærar var stort sett også gode, sjølv om det alltiv var ting som kunne vært gjort annleis. Me er jo tross alt bare fyrsteårsstudentar.

Det var verkeleg spennande å få erfaringar med læraryrket. Både i planlegging, undervising, stå foran ein samla klasse og i møtet med den enkelte elev. Mången gode erfaringar som eg skal ta med meg videre, og som skal videreutviklast. 

EVALUERING
Evalueringa av denne praksisperioden gjorde me på ein veldig koseleg måte. Me møtte opp på skulen, før me kjøyrde heim til Birgit. Der gjekk me først ein tur i skogen. Ein veldig bra måte å bli betre kjent med folk på. Det var til og med litt snø i skogen, noko som ikkje er kvar dag me opplev her på dette våte vestland. 

Etter skogsturen gjekk me heim til Birgit. Der fekk me varme vafler, mens praten gjekk om praksisperioden. Spennande å høyre dei andre sine opplevingar av perioden, spesielt dei frå den andre klassen som hadde vore på Langeland. Utveksling av erfaringar er alltid bra, for me kan lære mykje av kvarandre!! 
Revidert veke 17.