------------------------------------------------
Fekk god hjelp av Birgit, så no dansar ho endeleg.
Me fekk ei oppgåve tilknytta behandling av bilete og.
I løpet av juleferien skulle me laga ein collage.
Eg såg dette som ein god grunn til å endeleg kjøpe photoshop til macen min! :)
Ein kald dag i juleferien drog eg storebror ut på tur for å ta bilete rundt om i Haugesund. Fann ut at eg ville laga ein collage med tema frå byen eg er så veldig glad i. I tillegg la eg inn litt bilete av nokre venner av meg frå cupfinalen i Oslo for å få inn litt god FK Haugesund - stemning i collagen min. :) Her er resultatet:

Denne typen kunnskap er det bra å ha med seg ut i skulekvardagen. Medan anna skal elevane i løpet av mellomtrinnet gjennomføra eit animasjonsprosjekt. Noko me fekk vere med på ute i praksis. IKT har fått sin faste plass i skulen, og eg reknar med at det ikkje vert mindre av det i framtida. Derfor er det viktig og kjemperelevant med undervisning som dette.
Ein ting er kva me skal lære elevane videre i arbeidet med IKT, men det er og utruleg mykje me som lærarar kan bruke desse teknologiske hjelpmidla til. Eit døme er jo alle dei spennande animasjonane og presentasjonane me kan laga til bruk i undervisning om ulike tema.
Revidert veke 17.
2 kommentarer:
Hei, Marianne...
Ho dansar om du legg ho inn som lenkja til animasjonen (altså om du lagra ho på w: din, kan du skriva inn adressa: http://stud.hsh.no/home/studnr ditt og så dansar ho som berre det (eg testa det ut i min eigen blogg for å vera sikker!)
Birgit :-)
Hei! Godt nyttår. Ja nå er det nytt år og nye muligheter. Jeg var borte fra skolen den dagen dere hadde om animasjoner, men slik det høres ut på deg har jeg noe å se frem til når jeg nå skal sette meg ned for å lage min collage. Jeg både gleder og gruer meg til dette semesteret. Eksamne er vel det jeg gruer meg aller mest til, men det skal nok gå bra.
Legg inn en kommentar